300 000 kroner nærare verkelegheita

Tre studentar frå Institutt for IKT og realfag (IIR) ved NTNU i Ålesund, kan glede seg over 300 000 norske kroner inn i bedrifta si frå NTNU Discovery.

NTNU studentane gleder seg over 300 000 i støtte frå NTNU Discovery
NTNU studentane (f.v.) Vinjar Vederhus, Olai Tomasgard, Håkon Ustad, fekk 300 000 i støtte frå NTNU Discovery. (Foto: Børge Sandnes/NTNU).

Programleiar for NTNU Discovery, Jan Hassel fortel at nålauge for å kome igjennom på eit NTNU Discovery-hovudprosjekt er trongt, og prosjektet skal syne til ein truverdig forretningsplan, samt eit kompetent team, og ha eit betydeleg kommersielt potensiale for å bli godkjent av juryen. 

Neste generasjon

– Det betyr at vi får ein skikkeleg pangstart på bedrifta «Røynd» som igjen vil bidra til at vi kan kome oss på marknaden tidlegare. I tillegg viser det at det er fleire enn oss som har trua på prosjektet, seier student og prosjektansvarleg Olai Tomasgard frå IIR. 

Saman med studentane Vinjar Vederhus og Håkon Ustad, har dei jobba med ein nestegenerasjon rørslesimulator med unike eigenskapar for å etterlikne verkelegheita, noko som har utløyst støtte frå NTNU Discovery. 

NTNU Discovery gjev støtte til tilsette og studentar hos NTNU og Helse Midt-Norge. Her kan ein søke både støtte til forprosjekt og hovudprosjekt. Studentar som har kome lengre i si utvikling kan søke om inntil 300 000 kroner, og vert delt ut ein til to gonger i året. Prosjektet som studentane har jobba med skal gjere den alternative verkelegheita nærare verkelegheita. 

 – For det fyrste så har vi fleire fridomsgradar å jobbe med, som vil gi større og meir nøyaktig rørsle i simuleringa. Dette gjer opplevinga mykje meir verkelegheitstru. Den er raskare og veldig skalerbar, og så håper vi på å få den på marknaden med ein mykje lågare pris enn dagens konkurrentar, fortel Tomasgard. 

Formel 1

Bruksområda er store skal vi tru studentane som har jobba dag og natt med prosjektet. 

– Til dømes kan den nyttast til avanserte simuleringar i profesjonell racing som Formel 1, samstundes som den kan simulere vanskelege høve i den maritime sektoren. Den vil også vere svært god for e-sport som er i vekst om dagen, og vil kunne nyttast av opplæringsinstitusjonar som alternativ opplæring, utan at eleven treng å vere ute på vegane eller i lufta, legg medstudent Vinjar Vederhus til. 

Produktet kan også i følgje studentane ha eit miljøperspektiv, noko som vil tvinge seg fram i dei aller fleste næringar. 

Berekraft

– Når realismen er tilstrekkeleg til å erstatte fysisk testing eller trening vil denne løysinga kunne skape meir berekraftige operasjonar, og lette trykket på miljø og samfunn, seier Håkon Ustad. 

No gleder dei seg til å komme skikkeleg i gong, og er takksame for støtta dei har fått frå NTNU og NTNU Discovery. 

Sidan 2011 har NTNU Discovery delt ut 120 MNOK kroner til 360 prosjekt og idéar. NTNU Discovery er ein finansiell støtteordning til utvikling, verifisering og kvalitetssikring av gode og kommersielt levedyktige forretningsidéar frå tilsette og studentar hos NTNU og Helse Midt-Norge. 

Omlag halvparten av prosjekta som har fått støtte frå NTNU Discovery har vakse opp til å bli bedrifter. NTNU Discovery er i dag finansiert av NTNU, Helse Midt-Norge og Sparebank 1 SMN.