Heidra med studiekvalitetsprisen 2025

Elise Indregård Petersen vart rørt og overraska då ho fekk Studentenes studiekvalitetspris for sitt engasjement, pedagogiske dyktigheit og arbeid for eit godt læringsmiljø.

Prisvinnaren saman med leiar av studentparlamentet
Elise Indregård Petersen (t.v.) fekk Studentenes studiekvalitetspris 2025, overlevert av Hedda Aasen, leiar for Studentparlamentet i Ålesund. Foto: Børge Sandnes/NTNU.

Studentanes studiekvalitetspris blir delt ut til fagpersonar som har gjort ein framifrå innsats for læringsmetodar, læringsmiljø og kvalitetsutvikling. Juryen har i 2025 valt å gi prisen til Elise Indregård Petersen, studieprogramleiar og undervisningslektor ved Institutt for IKT og realfag i Ålesund.

Ein reell forskjell

Ho visste ingenting om at ho var årets vinnar, og blei både rørt og overraska då prisen blei kunngjort. Juryen peikar på at Elise har gjort ein innsats som går langt utover det som er forventa, og at ho skapar ein reell forskjell for studentane

Frå starten på NTNU har Elise hatt eit sterkt fokus på utvikling av læringsmetodar, individuell oppfølging og trivsel. Ho er kjent for å vere pedagogisk, tålmodig og dedikert – eigenskapar som studentane set stor pris på. Hennar kreativitet og omtanke motiverer og hjelper studentane gjennom krevjande emne. Til og med dei som manglar forkunnskap i matematikk opplever meistring, takka vere hennar dyktige undervisning og oppfølging.

Set spor

Studentane håpar fleire forelesarar legg merke til kor engasjert og dyktig Elise er. Juryen skriv at ho «set spor hos studentane og engasjerer i det faglege frå første stund». Prisen er ei anerkjenning av det arbeidet ho har lagt ned for å skape eit godt læringsmiljø og høg kvalitet i undervisninga.

På prisutdelinga var også Anne-Lise Sagen Major, viserektor ved NTNU i Ålesund, til stades. Ho uttrykte kor stolt ho er av undervisarane ved campus: – Dette er eit bevis på den høge kvaliteten i undervisninga vår. Eg vil gratulere Elise med prisen og samtidig takke alle dei nominerte for innsatsen dei gjer for studentane, sa Sagen Major. (Foto: Børge Sandnes/NTNU).