Dyktige mentorar, er KLUe i praksisopplæring

Torsdag 5. desember var det offisiell opning av Klinisk utdanningseining, KLUe, i Ålesund kommune.  Det gjekk føre seg på Aspøy omsorgssenter med inviterte gjestar og omvising.   

Test av simulering
Rektor Tor Grande på NTNU tester VR-briller med prosjektleiar for KLUe, Elin Sandnes Flem, som instruktør. Foto NTNU.

Torsdag 5. desember var det offisiell opning av Klinisk utdanningseining, KLUe, i Ålesund kommune.  Det gjekk føre seg på Aspøy omsorgssenter med inviterte gjestar og omvising.   

Forsking viser eit behov for å styrke samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og praksisfeltet, for å sikre gode læringsmiljø i klinisk praksis. Dette er det kommune og universitet no tek tak i saman.

Klinisk utdanningseining (KLUe) er ei satsing gjennom universitetskommunesamarbeidet som NTNU og Ålesund kommune har. Målet er styrka samarbeid om utdanning, fagutvikling og forsking. Bonus er at dette bidreg til auka pasientsikkerheit og kvalitet på tenestene.

Praksisstudiane som studentane har utgjer i dag halvparten av sjukepleieutdanninga. Praksis er avgjerande for utvikling av god behandling og omsorg for pasientane (klinisk kompetanse).

Opna saman

Instituttleiar Svanhild Schønberg frå Institutt for helsevitskap Ålesund på NTNU, saman med kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes, Helse i Ålesund kommune stod for opninga av KLUe-eininga. Dei takka Birgitte Drogen som leia forprosjektet, og dei takka arbeidsgruppa som ga fundamentet til fast samarbeidsform.

Dei to framheva at kommunen og NTNU som utdanningsinstitusjon og forskingsinstitusjon er gjensidig avhengig av kvarandre.

– Kommunen har eit stort behov for å rekruttere helsepersonell, sjukepleiarar som blir utdanna på NTNU. Eit behov som vil forsterke seg i åra framover. Det er viktig at studentane får både relevante praksisopphald og trening i forhold til den arbeidskvardagen dei skal møte.

– Vi ser også behovet for å styrke forsking og at kommunen i større grad kan være en forskingsarena.

Applaus ved opninga
Instituttleiar Svanhild Schønberg frå Institutt for helsevitskap Ålesund på NTNU, saman med verksemdleiar Anne Berte Hareide og kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes, Helse i Ålesund kommune opna KLUe-eininga. Applaus frå viserektor Anne-Lise Sagen Major og rektor Tor Grande saman med inviterte gjestar. Foto E.A.Tvergrov/NTNU.

Kunnskap og erfaring for fleire

Aspøy og Skarbøvik omsorgssenter er KLUe eining. I tillegg har kommunen såkalla KLUe-noder på Åse helsehus, Blindheim og Hatlane omsorgssenter, Spjelkavik omsorgssenter, Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt og Sandøy omsorgsdistrikt. Det er eit mål at alle sjukeheimane i Ålesund etter kvart skal inn og at desse kan dra nytte av dei erfaringane og den kunnskapen som blir bygd opp her.

Rektor Tor Grande frå NTNU hadde teke turen frå Trondheim, og han helsa og gratulerte på vegne av heile NTNU og gler seg til å følgje KLUe framover.  

– Innbyggarar forventar gode velferdstenester i dei ulike fasane av livet. Universitetet ser på korleis vi kan utvikle tenester, jobbe på nye måtar og ta i bruk ny teknologi. Samstundes må vi bevare det menneskelege oppi det heile. Då er slike samarbeid på tvers av sektorar avgjerande, sa Grande.

Universitetskommunesamarbeid etablerer gode relasjonar mellom fagfolk i kommunen og universitetet. NTNU kan bidra med forsking på tematikkar som kommunesektoren, eller kommunen sjølv, peikar på som viktig.

Kvinne held tale.
Elin Sandnes Flem er tilsett som prosjektleiar for KLUe i ei delt stilling mellom NTNU og Ålesund kommune. Her fortel ho om innhaldet i prosjektet. Viserektor Anne-Lise Sagen Major og rektor Tor Grande ved NTNU var av dei inviterte gjestane som lytta nøye til orienteringa hennar. Foto Eli Anne Tvergrov/NTNU.

Nesten sytti ut i praksis i Ålesund

Elin Sandnes Flem er tilsett som prosjektleiar for KLUe i ei delt stilling mellom universitet og kommune. Hennar hovudarbeidsplass blir Aspøy og Skarbøvik omsorgssenter. I midten av januar kjem fyrsteårsstudentane ut for å gjennomføre si fyrste praksisperiode, som er på sjukeheim eller omsorgssenter.  Dette gler ho seg til.

– For mange er dette det fyrste møtet med helsevesenet. Dei skal inn i ei profesjonell rolle i møtet med pasientar, pårørande og dei tverrfaglege teama rundt på de ulike institusjonane. Av 121 førsteårsstudentar er det 67 av desse som skal ha si fyrste praksisperiode i ei KLUe eining eller node i Ålesund, fortel Flem.

Framsnakka praksisrettleiarane

Flem framsnakkar praksisrettleiarutdanninga gjennom NTNU som gir mange gode verktøy i møtet med studentar i praksis. Ho fortel om ei rekke andre verktøy som dei tek i bruk i arbeidet sitt innafor KLUe og at dei har fokus på lærarane. Til dømes blir praksisrettleiarar invitert til campus og NTNU i Ålesund til opne førelesningar.

– I haust var praksisrettleiarar på campus saman med studentane. I lag fekk dei lære om kartleggingsverkty og kommunikasjonsmodellar som blir brukt. Universitetet kunne gi ny kunnskap eller oppfrisking av kunnskap, samstundes som praksisrettleiarane fekk erfart kva studentane lærer på campus. Dette fekk vi svært gode tilbakemeldingar på, fortel Flem.

Geriatriske dokker og simulering

Inviterte gjestar, blant anna Tor Grande rektor på NTNU, fekk omvising på dei nye simuleringsroma. Utstyret vart testa. Sentralt, akkurat no, er nye geriatriske simuleringsdokker finansiert av Sparbanken Møre. Desse er og blir til god hjelp i ferdigheitstreninga både for sjukepleiestudentane og andre fast tilsette.

– Simuleringsroma er alt tekne i bruk for kurs i praktisk forflytting og til førebuingar til fagprøve. Med VR brillene kan det gjennomførast ulike systematiske kartleggingar, som til dømes ABCDE og Hjerte/lunge redning, forklarer Flem.

Test av simulering
Rektor Tor Grande på NTNU er med på test av VR-briller. Prosjektleiar for KLUe, Elin Sandnes Flem, instruerer. Foto NTNU.

Til nytte for fleire

Verksemdleiar Anne Berte Hareide gler seg over å vere ei KLUe-eining. Ho ser fram til godt samarbeid med universitetet. I januar får ho vist studentane korleis omsorgssenteret kan vere ein god arbeidsplass og skape interesse  for jobb innan eldreomsorg i kommunane – der folk bur.

– KLUe er også eit tilbod for alle dei som jobbar for å få fagbrev. KLUe gir også muligheiter oss som enten har fagutdanning eller helseutdanning som sjukepleiarar. Vi kan bli endå dyktigare i å rettleie andre og i å bruke simuleringsrom, sa Hareide.