Denne veka var Parken kulturhus fylt med engasjement, alvor og nysgjerrigheit då ni etatar og forskarar frå NTNU møttest til det unike seminaret «Frå hav til munn». Med sjømatnæringa som bakteppe fekk deltakarane bli med på ei reise gjennom heile verdikjeda – frå fiskebåt til middagsbord – og inn i dei romma der utfordringane ofte blir gøymde.
Der det finst pengar, finst det dessverre også kriminalitet.
Prosjektleiar Eva Kristin Godø, seniorrådgivar i Fiskeridirektoratet, opna dagen med ei klar påminning: – Sjømatnæringa skaper verdiar, sikrar arbeidsplassar og held liv i kystsamfunn over heile landet. Men der det finst pengar, finst det dessverre også kriminalitet.
Det handlar om meir enn fisk
Sjølv om eksempla under seminaret stort sett kom frå fiskeri og maritim sektor, var bodskapen langt breiare. Instituttleiar ved Institutt for internasjonal business, Mark Pasquine, deltok og peika på kor viktig dette er for hans fagområde: – Dette handlar ikkje berre om fisk. Det handlar om korleis globale verdikjeder fungerer, og kva som skjer når etiske og juridiske rammer blir utfordra. Innsikta frå etatane gir studentane konkret forståing av samanhengen mellom internasjonal handel, regulering og samfunnsansvar.

– For studentane våre er dette direkte relevant. Når norsk sjømat blir eksportert, møter den krav om å ettersporing, berekraft og rettferd. Det same gjeld alle globale næringar – og det er nettopp slike farvatn kandidatane våre skal navigere i.
Bak fasaden – og inn i verkelegheita
Gjennom dagen fekk deltakarane høyre historier frå den verkelege verda: om fisk som forsvinn frå oppdrettsanlegg, om arbeidstakarar utan kontrakt, og om transportleddet der lovbrot skjer i det stille. Men også om etatar som samarbeider, deler kunnskap og vil møte framtidas fagfolk med openheit.
Kystvakta delte erfaringar frå inspeksjonar i Barentshavet. Fiskeridirektoratet snakka om omsetning som ikkje vert registrert og rømming. Mattilsynet ga innblikk i kva som skjer når reglane blir brotne. Arbeidstilsynet løfta fram dei mest utsette arbeidstakarane. Og Økokrim viste korleis førebygging handlar om å tette sårbarheiter – før dei utviklar seg til lovbrot.
Eit møte mellom etatar og studentar
Seminaret var spesielt retta mot studentar og tilsette ved NTNU, og fleire av innlegga opna for refleksjon rundt bacheloroppgåver og vidare forsking. – Det vi håpar du tek med deg frå denne dagen, er at kriminalitet i sjømatnæringa alltid har eit offer, sa Godø.

For studentane var dette ei sjeldan moglegheit til å møte dei som til vanleg jobbar på havet, ved merdkanten, på verft og grensestasjonar. Evalueringa vil avgjere om dette kan bli ein fast arena for kunnskapsdeling og førebygging.