ENT3R Ålesund – realfagsglede

Denne hausten har ENT3R i Ålesund levert eit engasjerande og lærerikt semester, med høg deltaking og stor entusiasme blant ungdomsskule- og vidaregåandeelevar.

Undervisar i sal
Elevkvelden i haust vart arrangert i samarbeid med IBA-instituttet, der elevane får hente ut DNA frå frukt og lage smykke med sitt eige DNA – ei unik blanding av naturfag og kreativitet. (Foto: Petrine Ystebakk Sjåstad/NTNU).

Elevane deltar på ENT3R-timar i ei fast gruppe kvar veke på NTNU i Ålesund. Tilbodet er gratis og blir drive av NTNU-studentar som gir leksehjelp og fagleg støtte i matematikk, fysikk, kjemi og naturfag.

ENT3R er ein del av den nasjonale satsinga på realfagsrekruttering, og i statsbudsjettet for 2026 har regjeringa foreslått å auke løyvinga med fem millionar kroner til Nasjonalt senter for realfagsrekruttering. Dette skal styrke tiltak som ENT3R og sikre at fleire unge får tilgang til fagleg støtte og inspirasjon.

– Elevane våre er utruleg engasjerte, og mentorane elskar å dele realfagsglede, seier dei to prosjektleiarane Petrine Ystebakk Sjåstad og Fredrik Nedrelid Brandal. – Det er fantastisk å sjå kor mykje meistring, motivasjon og glede ENT3R bidreg med.

Kreative og lærerike elevkveldar

I tillegg til ENT3R-timane  kvar veke, baud våren på to populære elevkveldar: Éin med temaet «Verdsrommet» i samarbeid med Ben David Normann frå Institutt for IKT og Realfag, og éin der elevane fekk prøve seg som skipsdesignarar og teste eigne skip i skipstanken ved IHB-instituttet. Første elevkvelden i haust vart arrangert i samarbeid med IBA-instituttet, der elevane får hente ut DNA frå frukt og lage smykke med sitt eige DNA – ei unik blanding av naturfag og kreativitet.

I statsbudsjettet har regjeringa foreslått å auke løyvinga med 5 millionar kroner til Nasjonalt senter for realfagsrekruttering. (Foto: Petrine Ystebakk Sjåstad).

I haustferien etterspurde elevar i elevgruppene ENT3R-timar og med hjelp av engasjerte prosjektleiarar og mentorar, så vart det arrangert ein ekstra “haustkos”-kveld med kake og god stemning for dei som ville jobbe vidare med faga.

Lokalt samarbeid og nasjonal støtte

ENT3R Ålesund er ein del av ENT3R som er eit nasjonalt tiltak på universitet og høgskular. ENT3R er styrt av Nasjonalt senter for Realfagsrekruttering som får støtte frå Kunnskapsdepartementet. Lokale aktørar som Kongsberg Gruppen, Equinor og Sparebanken Møre bidreg også til ENT3R Ålesund, og sponsar to ekstra elevgrupper. Lokal kontaktperson for NTNU i Ålesund, Førstelektor Arnhild Lunde, har bidratt som kontaktperson heilt sidan oppstarten av ENT3R Ålesund i 2010. 

– Mentorane gjer ein flott innsats i å motivere og hjelpe ungdommane med mattelekser og andre realfag, og vi får tilbakemelding om at mentorane er viktige rollemodellar. Alle prosjektleiarane i ENT3R Ålesund har hatt erfaring i å vere mentor, og erfaringane deira har bidratt vesentleg i utviklinga av ENT3R Ålesund og vi har også utført pilotprosjekt for ENT3R nasjonalt, fortel Arnhild Lunde. 

 – Elevane melder seg sjølve på mentortimar, og eg anbefaler foreldre til å besøke nettsida ent3r.no/foreldre for meir informasjon om tiltaket.