Helsekompetanse for berekraft i helsetenester  

Er helsekompetanse tydeleg nok uttrykt i FN sine berekraftsmå? spør Elise Kvalsund Bårdsgjerde, Torstein Hole, Bodil J. Landstad, Marit Kvangarsnes og Sandra Elizabeth Tippett-Spirtou. Dei meiner det er viktig at helsekompetanse og strategiar for å styrke helsekompetanse blir vektlagt i politisk arbeid nasjonalt og globalt.

Sykepleie i Ålesund
Utviklinga av digitale helsetenester krev ein heilskapleg strategi, der brukarar, pårørande, helsepersonell og andre aktørar aktivt tek del i utforminga, skriv kronikkforfattarane. Foto: Eli Anne Tvergrov.

Dette er en ytring. Den gir uttrykk for skribentens mening.

Skrevet av
Elise Kvalsund Bårdsgjerde
Elise Kvalsund Bårdsgjerde Førsteamanuensis ved Institutt for helsevitenskap Ålesund
Torstein Laurits Hole Professor ved Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie NTNU & Helse Møre og Romsdal HF
Bodil J. Landstad Professor Mitt-Universitätet, Östersund, Sverige
Marit Kvangarsnes Professor i sjukepleie og pedagogikk ved Institutt for helsevitenskap Ålesund
Sandra Elizabeth Tippet-Spirtou Universitetslektor ved Institutt for internasjonal forretningsdrift, NTNU i Ålesund

Helsekompetanse er viktig for å førebyggje sjukdom, men også når sjukdom rammar. Det handlar om personar si evne til å finne, forstå og bruke helseinformasjon for å gjere gode val for seg sjølv og andre. På systemnivå omhandlar helsekompetanse, i følge Helsedirektoratet, organisasjonar si evne til å leggje tilrette for at personar kan finne, forstå og bruke helseinformasjon for å ta val og del i eiga behandling.

Helsekompetanse for å nå berekraftsmåla

FN uttrykker uro for mangel på progresjon i å nå berekraftsmåla. Dette rammar mest dei fattigaste og sårbare menneska i verda. Nasjonale undersøkingar gjort av Helsedirektoratet har kartlagt helsekompetanse, og resultata syner at ein av tre har låg helsekompetanse. Å styrke helsekompetanse globalt er ein føresetnad for å nå berekraftsmål nummer 3, God helse og livskvalitet. Eit samarbeidsprosjekt mellom NTNU og Helse Møre og Romsdal har resultert i ei nyleg publisert bok med tittelen Towards Sustainable Good Health and Well-being – The Role of Health Literacy i forlaget Springer Nature. Boka gir eit konkret innhald til berekraft i helse- og sosialfaga.

Helsekompetanse si rolle for berekraftige helsetenester

Boka har tre delar. I den første delen får vi eit historisk oversyn av utviklinga av FN sine 17 berekraftsmål. Dei er gjensidig avhengige av kvarandre, og ei berekraftig utvikling fordrar tverrfagleg samarbeid. Denne forståeinga har vore grunnleggjande i utforminga av dei ulike delane av boka. Samspelet mellom individ og miljø er sentralt for utvikling av helsekompetanse. Ein ny modell for å forstå pasientmedverknad blir også presentert i første delen av boka. Modellen syner at helsekompetanse er ein sentral føresetnad for medverknad.

Boka kan lastas ned gratis fra Springer (trykk på boka for lenke).

I del to tilfører boka pedagogiske tilnærmingar for å styrke helsekompetanse og forsking som syner korleis digitale helsetenester bør utviklast for å imøtekomme individuelle behov. Trass i at den raske digitale utviklinga er kostandseffektiv, opplever sårbare grupper utfordringar i møte med teknologien. Utviklinga av digitale helsetenester krev ein heilskapleg strategi, der brukrarar, pårørande, helsepersonell og andre aktørar aktivt tek del i utforminga.

Den tredje delen presenterer forskning om helsekompetanse frå eit bruker-, pasient- og helsepersonellperspektiv. Boka belyser erfaringar frå ulike brukar- og pasientgrupper som synshemma, hjarteinfarkt, ryggopererte, palliative pasienter og migrantkvinner. Kunnskap frå bruker- og pasientperspektivet er særleg viktig med tanke på å møte behova til brukarane.

Eit av kapitla, om synshemma sine erfaringar, er særskilt interessant. Stig Larsson bidreg både som informant og forskar. Han deler sine erfaringar om deltaking i studie og arbeidsliv i eit livsløpsperspektiv som synshemma. Eit funn er at synshemma ved mangelfull tilrettelagt teknologi vert hindra frå å delta på mange felt, til dømes i val av fag, utdanning og yrke. Kapitlet syner korleis  mangelfull organisatorisk helsekompetanse kan hindre enkeltindivid sine høve til deltaking, som er ein føresetnad for læring. Kapitler git også gode innspel til kva som må til for å styrke synshemma si deltaking i studie og arbeidsliv.

Konklusjon

Helsekompetanse er sentralt i nasjonale forskrifter for profesjonsutdanningar innan helsefag, og informasjon og pasientopplæring er ei av dei fire hovudoppgavene til spesialishelsetenesta. Boka gir eit samla rammeverk for å styrke helsekompetanse og for å nå berekraftsmåla. Berekraft har vore eit av NTNU sine satsingsområde dei siste åra. Innanfor satsingsområdet helse og livsvitskap tek NTNU sikte på å bidra til ressurseffektive og berekraftige helsetenester, som inkluderer kva som er av verdi for pasientar, pårørande, samfunn, natur og miljø.

Forsking har synt at helesekompetanse er ein viktig føresetnad for berekraftige helsetenester, og vi ynskjer difor å problematisere om helsekompetanse er tydeleg nok uttrykt i FN sine berekraftsmål. Omfattande krigar, alvorlege infeksjonar, klimakrise og ein svak global økonomi har gjort behovet for helsekompetanse påtrengande. Vi vil hevde at styrka helsekompetanse er vesentleg for å skape berekraft i helsetenester på individ-, befolkings- og samfunnsnivå. Det er viktig at helsekompetanse og strategiar for å styrke helsekompetanse blir vektlagt i politisk arbeid nasjonalt og globalt.

Last ned boka gratis frå Springer: https://link.springer.com/book/10.1007/978-3-031-61810-9

Sykepleie.
Helsekompetanse er sentralt i nasjonale forskrifter for profesjonsutdanningar innan helsefag, og informasjon og pasientopplæring er ei av dei fire hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta. Illustrasjonsfoto: Eli Anne Tvergrov/NTNU.

På trykk også i Sunnmørsposten som kronikk den 22. november 2024.