– Bruk desse to dagane til å være nyfikne, kreative og modige. Helsevesenet i framtida treng dykk. Ikkje berre som sjukepleiarar, men som innovatørar, sa viserektor Anne-Lise Sagen Major ved oppstart måndag morgon 25. august.
Ein Innovasjonscamp handlar om å tenkje nytt, å tenkje trygt og å tenkje saman. Innovative idear vart til løysingar som konkret kan utviklast til praktisk bruk.
Framme ved tysdag ettermiddag 26. august var det kjekt å sjå korleis teori og praksis hadde vorte utnytta i fullt monn! Ikkje minst var det fint å sjå den gode utvekslinga som gjekk mellom dyktige mentorar og motiverte studentar. Løysingane vart også fint presentert av heile nitten grupper der dei fekk utfordringa å fortelle på fire minutt kva dei hadde fått til (pitch).

Så er det slik at dei 19 gruppene som deltok har gitt jury, mentorar og oss på NTNU mykje å tenke på i det vidare! Forslaga hadde bra spennvidde. Her er løysingar som kan sjåast konkret nærare på, fleire med stort potensiale for utvikling.
Vi gratulerer alle med vel gjennomført og gir følgande ein ekstra honnør:
Vinnarar

Fyrste plass gjekk til gruppe 2: Emilie Indresøvde, Jenny-Emilie Bendal, Karianne Tomasgard, Anne-Viktoria Engen og Hanna Myren Viken.
Dei hadde sett på korleis ein kan redusere unødvendig bruk av ressursar, på grunn av til dømes kommunikasjonssvikt, falske alarmar og/eller at brukarar kan kjenne på at det er vanskeleg å få tak i heimetenesta. Gruppa såg på vidareutvikling av ei alarmklokke med fleire nye funksjonar som kan lette arbeidstrykket.
Andre plass gjekk til gruppe tre: Thea Flataker, Signe Drag, Patrycja Mankowska, Viktoria Sterten Gjelsten og Hanna Myren Viken.
Løysinga deira var ei teknisk innretning som gjer det lettare for helsepersonell i heimetenesta å tilkalle hjelp dersom situasjonar oppstår.
Tredje plass gjekk til gruppe 6: Ella, Vanja, Vilde, Elisabeth, Siv Merete og Thulachi.
Deira løysing handla om vidareutvikling av automatisert journalskriving, inkludert ei tolketeneste: Å kommunise med psykisk sjuke med anna språkbakgrunn, for slik å unngå språklege misforståingar.
Samarbeid og samhandling
Takk til Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal som saman med Helse Møre og Romsdal HF, Ålesund kommune og Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetenester Møre og Romsdal gjorde campen mogleg.
Gjennomføringa var også støtta av Sparebanken Møre som også hadde med ein representant i juryen. Sist men ikkje minst rettar vi ein stor takk til selskapet Varda Care som ga den konkrete oppgåva som utfordra deltakarane!
