Haugland får forskingspengar dei neste to åra. Finansiering som gjer det mogleg å samle ulike fagfolk til å sjå på dette med andre auge.
– Eg forskar på algebraiske strukturar. Dei finst over alt i matematikken. Alle talla på tallinja er eit døme på ein slik struktur. Den er relativt enkel å forstå. I fagfeltet mitt prøver vi forstå strukturar som er langt meir kompliserte. Gjennom Young CAS-prosjektet skal vi bruke geometri til å utforske nye samanhengar, forklarar Johanne Haugland.
I si grunngjeving peiker CAS på Haugland si innovative tilnærming for å løyse grunnleggjande spørsmål om algebra. Haugland har sett saman eit team av leiande ekspertar med ulik bakgrunn for å drive dette forskingsfeltet framover, gje fagfeltet fleire verktøy og utfordre grensene til faget. Det har CAS verdsett.
– Dette er kjempegøy. Eg trivst veldig godt med å samarbeide med andre. No får eg sjansen til å samarbeide med veldig dyktige folk for å løyse dei problema vi skal utforske, seier ho.
Også leiar ved Institutt for matematiske fag, Einar Rønquist er begeistra.
– Som det største matematikkmiljøet i landet, tek vi jo mål av oss å vere langt framme både innan forsking og undervisning. Når Johanne får pris som utvald ung forskar, så gjer det oss mektig stolte, seier instituttleiar Einar Rønquist.
Dette er ein pris til inspirasjon for oss alle, seier dekan ved Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk, Ingrid Schjølberg. Eg håpar særleg dette kan inspirere fleire til å ta doktorgrad og satse på ei karriere innan forsking, seier ho.
Den andre prisen i denne tildelinga, gjekk til Vincent Francesco DeLuca frå Universitetet I Tromsø for sitt arbeid med nevrologi og fleirspråklegheit.
Senter for grunnforsking (CAS) ved Det Norske Videnskaps-Akademi er ein uavhengig forskingsstiftelse finansiert av Kunnskapsdepartementet. Young CAS prosjektet støttar unge forskarar.