Tema denne gongen er omstilling og inkludering – to stikkord som treff tidsånda. Arbeidslivet står i raske endringar, prega av geopolitikk, teknologi og kutt i offentlege løyvingar. Korleis kan EVU bidra til å sikre rett kompetanse for fleire? Det vil konferansen søkje å svare på.
Program for fag og debatt
Arrangørane lover eit variert program med innlegg, panelsamtalar og parallellsesjonar. Regjeringa legg snart fram ny plattform, og spørsmålet om EVU får ein tydelegare plass i høgare utdanning. Kunnskapsdepartementet møter NHO og toppleiarar frå sektoren i ein panelsamtale under tittelen «Snakkar vi eigentleg same språk»?
NHO sin kompetansedirektør, Are Turmo, deltek for å gje næringslivet sitt perspektiv, medan direktør i NAV Møre og Romsdal, Stein Veland, set søkjelys på inkludering. Erfaringar frå samarbeid mellom NAV og USN (Universitetet i Sørøst Norge) skal inspirere til nye løysingar nasjonalt.
– Snakkar vi eigentleg same språk?
Teknologi og kunstig intelligens får også ein sentral plass. HK-dir vil reflektere rundt konsekvensane av den teknologiske utviklinga, medan Rune Krumsvik frå UiB ser på korleis EVU kan vere ein pådrivar for digital læring.
Sosialt og lokalt preg
I tillegg til fagprogrammet vert det lagt opp til ein frisk tur opp trappene til Fjellstua, krydra med forteljingar frå Ålesund og Sunnmøre. Stemninga skal vere god – vêret får arrangørane ta som det kjem.
For alle som jobbar med EVU, er årets konferanse eit høgdepunkt. Som arrangørane sjølve seier:
– Dette er to dagar du ikkje bør gå glipp av.
For meir informasjon og påmelding finn du her.