NTNUs litteraturpris til Marte Huke

Det er med stor glede vi kunngjer at Marte Huke vinn årets litteraturpris for diktsamlinga Los (2023).

Portrettbilde av en kvinne som ser rett i kameraet. Dramatisk lyssetting, helsvart bakgrunn.
Marte Huke er vinneren av litteraturprisen for 2025. Foto: Terje Visnes

Tekstane i samlinga inviterer til openheit og undring, og utstråler ei overraskande varme og omsorg som gjer at verda kan kjennast trygg, sjølv med krig i Ukraina og koronapandemien.Huke skriv lyrikk om diktinga og foreldreskapen med eit usedvanleg overskot og ein kjærleg omtanke. Dikta i Los eleverer kvardagslege trivialitetar, for å vise at det eigentleg ikkje finst trivielle ting. 

Det skriv juryen i sin begrunnelse.

Los var i godt selskap på kortlista. Over 50 verk blei vurdert av juryen og fem bøker blei nominert: Fem sterke i finalen til NTNUs litteraturpris 2025.

Prisutdelinga

Huke vil ta imot NTNUs litteraturpris 5. november kl. 19:00 på Litteraturhuset i Trondheim. Terje Lohndal, dekan ved Det humanistiske fakultetet, deler ut prisen. Arrangementet er opent for alle

Om prisen

NTNU deler årleg ut ein litteraturpris for å synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til Trøndelag. NTNUs litteraturpris på kr 20 000 går til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til regionen, og vekselvis til skjønn- og faglitteratur. I 2025 er det  skjønnlitteratur som står for tur.

Sjå oversikt over tidlegare vinnare her

Årets jury

Juryen for NTNUs litteraturpris 2025 er: Juryleiar Karolina Drozdowska, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, Siri Aurland Bredesen, avdelingsleiar hos Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, Nora Berg Markussen, Ph.d-stipendiat ved NTNU, Marthe Vendela Kant, programmedarbeider, Litteraturhuset og Aja Bugge, dagleg leiar ved Litteraturhuset i Trondheim.