I desember arrangerte NTNU Ålesund karrieredagen i samarbeid med Nasjonalt senter for realfagsrekruttering (NSR). Gjennom inspirerande møte og praktiske opplevingar fekk elevane sjå korleis realfag påverkar alt frå kvardagen til dei store utfordringane i verda.
Speed-dating
Arrangementet varte i 2,5 timar og gjekk i to puljar – før og etter lunsj. Dagen starta med ei felles økt der unge fagfolk delte sine historier om korleis realfag har gitt dei spennande utdannings- og jobbmoglegheiter. Etterpå fekk elevane prøve både praktiske aktivitetar og «speed-dating» med rollemodellar, der dei kunne stille spørsmål og bli kjent med ulike karrierevegar.

Rune Volden, instituttleiar ved NTNU Ålesund (Institutt for IKT og realfag) peikar på at målet er å inspirere ungdom til å sjå dei mange moglegheitene innan realfag og teknologi. NSR, som vart oppretta av Kunnskapsdepartementet i 1998, bidreg med kompetanse og nettverk for å styrkje rekrutteringa til STEM-fag (Science, Technology, Engineering og Mathematics (Altså: naturvitskap, teknologi, ingeniørfag og matematikk.)
Amalie Munthe Vassbotn, rådgivar ved NSR, understrekar kor viktig slike møteplassar er:
– Vi ønsker å vise at realfag ikkje berre handlar om matte og fysikk, men om å løyse store utfordringar i samfunnet. Det grøne skiftet, teknologiutvikling og innovasjon krev kompetanse innan STEM-faga, seier ho.

– Mange trur realfag er vanskeleg og lite kreativt, men vi vil vise at det finst mange ulike karrierevegar og at kven som helst kan finne sin plass, seier Vassbotn.
Om å forstå verda
Tilbakemeldingane frå både elevar og lærarar er gjennomgåande positive. Mange opplever dagen som inspirerande og lærerik.
– STEM-fag er viktige fordi dei gir grunnlaget for innovasjon, teknologisk utvikling og løysing av framtidige globale utfordringar. STEM-fag er viktig for å forstå verda og for å kunne lukkast i arbeidslivet, var nokre av tilbakemeldingane elevane kom med.
Målet er ikkje at alle skal velje STEM-utdanning, men at ungdom får eit meir realistisk og inspirerande bilete av moglegheitene som finst, avsluttar Vassbotn.