Seks finalistar til NTNUs litteraturpris 2026

Makt, identitet og samfunnsutvikling er tema som går igjen hos de seks sterke kandidatane på kortlista til den gjeve litteraturprisen ved NTNU. I år prisen delt ut til eit faglitterært verk, og nytt av året er det at finalistane kjem frå både Innlandet og Trøndelag.

Dei nominerte

  • Fylkesføreren av Carl Henrik Grøndahl (Oktober, 2024)
  • Steinalderen – 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong av Eirin Holberg og Åshild Irgens (Samlaget, 2024)
  • Jeg er Mariam av Guro Kulset Merakerås og Mariam Rasouli (Kagge, 2024)
  • Skikkelige folk av Ingar Kaldal (Aschehoug, 2025)
  • Naturparadokset av Marit Beate Kasin, (Res Publica, 2024)
  • Et Gaza-liv av Marte Heian-Engdal (Kagge, 2024)

Pristildelinga

Tildelinga av NTNUs litteraturpris skjer 21. november kl. 12:00 på Litteraturhuset i Trondheim. Arrangementet er opent for alle.

Om NTNUs litteraturpris
Prisen er på 20 000 NOK, og delast i år ut for tiande gong. 
Formålet med NTNU Litteraturpris er å anerkjenne eit norskspråkleg, skjønnlitterært eller faglitterært verk skrive av ein nolevande forfattar med tilknyting til Trøndelag, Innlandet eller Møre og Romsdal. Frå 2026 utvidast prisen dermed til å inkluderer faglitteratur ikkje berre frå Trøndelag, men også Innlandet og Møre og Romsdal. Den er òg meint å skulle stimulere interessa for litteratur, så vel skjønnlitterær som faglitterær, og synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til regionane.

Sjå oversikt over tidlegare vinnare her

Årets jury

Juryen for NTNUs litteraturpris 2026, er: Juryleiar Karolina Drozdowska, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, Arve Hjelseth, Professor ved Institutt for sosiologi og statsvitenskap ved NTNU, Siri Aurland Bredesen, tidlegare avdelingsleiar hos Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, Ida Kørner, ph.d.-stipendiat ved NTNU, Herman Nesse, programkoordinator, Litteraturhuset, Marthe Vendela Kant, programmedarbeider, Litteraturhuset og Aja Bugge, dagleg leiar ved Litteraturhuset i Trondheim.

Om dei nominerte bøkene

Fylkesføreren av Carl Henrik Grøndahl (Oktober, 2024)

Fylkesføreren er forteljinga om ein mann som fall for den totalitære freistinga. Og om ein son som prøver å finne ut av kva som dreiv foreldra, korleis krigsåra kan ha vore for dei, og kva landssvikdommane gjorde med dei. Boka er ein skakande og grundig forteljing, ytst personleg, men også dokumentert så korrekt som han kan bli.

Steinalderen – 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong av Eirin Holberg og Åshild Irgens (Samlaget, 2024)

Dette er ei barnebok som stiller spørsmål som: Ein ti tusen år gammal tyggis!? Hadde dei snop i steinalderen? Korleis var det eigentleg å vere barn i Noreg då? Steinalderen er skriven av arkeolog Eirin Holberg og er illustrert av prislønte Åshild Irgens, som med lunet sitt og humoristiske strek har attskapt ein spennande verd heilt annleis enn vår eiga.

Jeg er Mariam av Guro Kulset Merakerås og Mariam Rasouli, (Kagge, 2024)

Jeg er Mariam handlar om livet på flukt og kampen for å finne nytt fotfeste i eit framandt land. Det er ei historie om barndomsminne frå Afghanistan og vaksenliv i Trondheim. Ei forteljing om tapte og skapte relasjonar, om kven vi er og kva vi ber på. Om å finne fridommen og gjere han til sin eigen.

Skikkelige folk av Ingar Kaldal, (Aschehoug, 2025)

Kaldal finn skikkelighetskulturen i minne og forteljingar om kvardagslivet før i tida. Gjennom historiske sveip frå 1800-talet til i dag viser han korleis han spelte seg ut på varierande måtar i ulike miljø: frå byen, via fabrikken til skogen og inn i heimen, frå fredstid til krigstid og tilbake igjen.

Naturparadokset av Marit Beate Kasin, (Res Publica, 2024)

Naturparadokset er ei vandring i interessemotsetningar og trua natur. Forfattaren avdekkjer gapet mellom intensjonar og praksis og stiller ei rekkje viktige spørsmål, til dømes: Er det mogleg å restaurere tapt natur? Naturparadokset har vorte kalla ei modig og viktig bok av kritikarane.

Et Gaza-liv av Marte Heian-Engdal, (Kagge, 2024)

I denne boka blir vi betre kjende med nokre av dei. Vi følgjer Mohammad og Khitam og dei seks barna deira i kvardag og fest, kjærleik og tap, strid og flukt. Denne palestinske familieforteljinga tek oss med på reise bakover i tid og fortel om Gazastripas historie som heim og slagmark i over hundre år, og fram til dei dramatiske vekene hausten 2023 – då dei måtte flykte for livet.

For meir informasjon, vennlegast kontakt juryleder Karolina Drozdowska.