Skal styrke forskarlinja ved Ålesund vidaregåande

Ny avtale gir Ålesund-elevar direkte inngang til forskingsmiljøet ved NTNU – med praktisk erfaring, motivasjon og framtidsretta kompetanse.

Forskar
Elevane frå Ålesund videregående skule får no tilgang til NTNU sitt forskingsmiljø, og praktisk erfaring med både kvalitativ og kvantitativ forsking. (Illustrasjonsfoto: Børge Sandnes/NTNU)

Avtalen er inngått mellom Ålesund vidaregåande skule og NTNU ved Institutt for helsevitenskap i Ålesund (IHA). Målet er å styrke forskarlinja og gi elevane ei meir autentisk og engasjerande læringsarena. Gjennom felles prosjekt og aktivitetar skal elevane få opplæring i forskingsmetodikk, datainnsamling og analyse, samtidig som dei får innsikt i korleis forsking kan bidra til å løyse aktuelle samfunns- og miljøutfordringar.

Avtalen legg særleg vekt på dei tverrfaglege tema i læreplanen: folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling.

– Gir elevane eit løft

Rektor ved Ålesund vidaregåande skule, Ole Reinlund, meiner avtalen vil gi forskarlinja eit solid løft: 

– Dette samarbeidet gir elevane tilgang til NTNU sitt forskingsmiljø og praktisk erfaring med både kvalitativ og kvantitativ forsking. At den einaste forskarlinja i fylket faktisk ligg på Campus Ålesund, gir oss unike moglegheiter for samarbeid, autentisitet i opplæringa og eit styrka læringsutbytte. Og ikkje minst: elevane får ein enklare overgang til høgare utdanning når dei alt har fått smake på universitetsmiljøet, seier Reinlund.

– Viktig for rekruttering og formidling

Instituttleiar ved NTNU i Ålesund, Svanhild Schønberg, peikar på at avtalen også er viktig for universitetet: 

– For oss er dette ein sjanse til å møte engasjerte elevar tidleg, og det kan auke sjansen for at dei vel NTNU og helserelaterte fag. Samarbeidet gir oss høve til å vise fram korleis forskinga vår bidreg til å løyse utfordringar innan folkehelse og berekraft. Det styrkar den regionale tilknytinga vår, og vi får ein arena der vi kan formidle kunnskap til unge – noko som kan inspirere og skape interesse for vitskap. Vi ser òg fram til å utvikle nye undervisnings- og formidlingsmetodar gjennom dette samarbeidet, seier Schønberg.

Brubygging

Avtalen opnar for at data som blir samla inn i felles prosjekt kan nyttast av NTNU i forsking, undervisning og utviklingsarbeid, så lenge dei er anonymiserte og elevane har gitt samtykke. Ved publisering av resultat skal partane avtale felles kreditering og medforfattarskap.

Med denne avtalen ønskjer Ålesund vidaregåande skule og NTNU å bygge bru mellom vidaregåande opplæring og høgare utdanning – og samtidig bidra til å utvikle kompetanse i regionen.

Denne veka møttest Ålesund vidaregåande skule og NTNU i Ålesund for å signere samarbeidsavtalen som skal sikre god kompetanseflyt. Frå venstre: May Helen Midbust, Ralf Kirchhoff, Svanhild Schønberg frå Institutt for helsevitenskap i Ålesund og Renate Ruth, Ole Reinlund, Aino Maria Tornes frå Ålesund videragåande skule. (Foto: Børge Sandnes/NTNU).