Skapte håp gjennom handling

Onsdag 13.september vart «Verdensdagen for selvmordsforebygging» markert ved NTNU i Ålesund i samarbeid mellom fleire aktørar. 

André Sødlund holder foredrag om sjølvmord
André Sødlund har vore profesjonell fotballspelar og sjølv kjent på kroppen kva angst og depresjon kan gjere med eit menneske. (Foto: Børge Sandnes/NTNU)

Sjølvmord er den nest vanlegaste dødsårsaka for menneske mellom 15 og 29 år, og representerer eit stort samfunnsproblem. Samstundes veit vi at mange som møter utfordringar i livet, opplev at det er vanskeg å snakke med andre om korleis dei har det, eller å be om hjelp når livet kjennest håplaust. 

Alvorleg

Studentane si helse- og trivselsundersøking (SHoT) for 2022 viste at heile 42 prosent av studentane rapporterer om psykiske plager, kor 35 prosent har plager som kan tolkast som alvorlege. 

– Dette er tal vi her ved NTNU i Ålesund må og skal ta på alvor, og difor er eg svært glad for at samarbeidet om «Verdensdagen for selvmordsforebygging» set søkelyset på nettopp førebygging gjennom samarbeid. Vi må sjå kvar enkelt student og vise at vi både lyttar, ser, og ikkje minst bryr oss, seier viserektor ved NTNU i Ålesund, Anne-Lise Sagen Major. 

Det var stor interesse for markeringa og Vrimla ved NTNU i Ålesund var fylt opp av studentar og inviterte gjestar. (Foto: Børge Sandnes/NTNU)

Fleire organisasjonar hadde samla seg rundt denne dagen i regi av organisasjonen Leve Møre og Romsdal. Fagskolen, NTNU, Ålesund kommune og Sit, hadde lagt opp til ein dag med underhaldning og faglege innslag. 

Angst og depresjon

Ein av foredragshaldarane som var invitert saman med fagfolka var ein som har kjend på det mørkaste eit menneske kan kjenne på i livet sitt – ønsket om å ikkje lenger å leve. 

26 år gamle André Sødlund har vore profesjonell fotballspelar i Sandefjord, eliteserien, på landslaget og allereie som tenåring hatt ei karriere i utlandet. Sødlund har vore ein toppidrettsutøvar store delar av sitt unge liv. Ingen rundt den unge og sprudlande fotballspelaren kunne sjå at det skjulte seg angst og depresjon bak fasaden. 

Dette var historia han ville dele med studentane på NTNU, som også skal prestere samstundes som dei skal passe inn i eit nytt miljø. 

Gjer ditt beste

– Eg har tenkt mykje på nettopp det. Eit godt tips er å ikkje prøve for hardt å vere best på alle arenaer. Ein kan ikkje vere best sosialt, best på skulen, best på alt. Det er godt nok om du gjer ditt beste, seier Sødlund. 

Som ung fotballspelar erfarte han mykje av det same som unge studentar opplev når dei tek steget ut frå det trygge, og kanskje flyttar langt heimanfrå til ein ny by.

– Ein må berre finne sin eigen veg og ikkje stresse.

– Ein må berre finne sin eigen veg og ikkje stresse. Ein treng ikkje vere den mest populære eller ha flest vener med ein gong. Ting har ein tendens å falle seg naturleg på plass og ein møter menneske som er lik seg sjølv etterkvart. Ein må berre tørre å vere seg sjølv og tørre å stå i det. Det finnast ikkje ein rett eller gal måte korleis gå fram på. Ver open og ta kontakt med folk, oppfordrar Sødlund. 

Vanskeleg

Tittelen på markeringa var «Skap håp gjennom handling», og ein raud tråd gjennom dagen var at psykisk helse angår oss alle. 

– Ønsket vårt for dagen var å markere at dette samfunnsproblemet gjeld oss alle. Gjennom samarbeid skal vi jobbe for eit trygt og ope samfunn der vi våger å be om hjelp til å leve. Sjølvmord angår difor oss alle, fordi vi alle har eit ansvar om å hjelpe seier Bente Skagøy, universitetslektor ved Institutt for helsevitenskap.

André Sødlund har no lagt fotballskoa på hylla og arbeider med barn og unge. Han meiner det er viktig at eit universitet som NTNU vektlegg openheit. 

Fleire interesseorganisasjonar var tilgjengeleg med stand og svara på spørsmål fra nysgjerrige studentar. (Foto: Børge Sandnes/NTNU)

– For mange er sjølvmord svært vanskeleg å snakke om, difor er slike arrangement som i dag kanskje det viktigaste ein kan gjere for å forebygge. Det å kunne opne seg er alfa og omega om vi skal kome nokon veg. Eg føler at dette er ein god start. Det er mange tankar rundt sjølvmord, men for mange er dette vanskeleg å snakke om, avsluttar André Sødlund.