Konkurransen vart arrangert ved Manipal University Jaipur, India, 15.–16. november 2024.
Fra måling til vatning
Eigentleg hadde studentane eit konsept som skulle bruke dronar til å mogleggjere måle- og lakkeringsarbeid på farlege eller utilgjengelege stader. Då dei avanserte og konkurrerte mot 131 andre lag, fekk dei moglegheita til å velje blant 50 andre tema.
– På grunn av mangel på maskinvare og andre nødvendige hjelpemiddel for å realisere vårt opprinnelege prosjekt, valde vi difor å konkurrere med noko heilt anna, forklarer Urcelay, som saman med dei to andre tar ein master i mekatronikk og automatisering ved NTNU i Ålesund.
Ved hjelp av lågkost og tilgjengelege verktøy utvikla dei data som bønder i lågkostland kan bruke til å rekne ut mengda vatn som trengst for avlingar, basert på historiske vêrdata. Gjennom maskinlæring vert modellen trena opp på bakgrunn av historiske vêrdata som ligg opent for alle, til å predikere korleis fuktigheita i jorda kan bli optimal.
Til finalen
– Vi har fått spørsmål om kvifor vi ikkje berre brukar sensorar for å måle fuktigheit i jordsmonnet, seier Urcelay. Men med tanke på at målgruppa er bønder i lågkostland, ønskte vi å finne enkle og rimelege løysingar.
Hackathonen, som vart organisert i samarbeid med den indiske romorganisasjonen ISRO og industripartnarar som Celebal Technologies Pvt. Ltd., Wipro og TelSmart, samla over 200 deltakarar i den innleiande runden. Etter ein intens utsilingsprosess kvalifiserte 131 lag seg til ei 36-timars «offline» utfordring, kor dei 30 beste laga gjekk vidare til finalerunden.
Verdifull erfaring
Trioen frå Noreg utpeika seg og gjekk heilt til toppen med sin nye idé – truleg fordi løysinga var enkel og anvendeleg.
– For oss var det viktigaste med denne konkurransen å få nye erfaringar, utfordre oss sjølve og lære korleis ein kan selje ei idé under tidspress. Det var moro å delta, men vi skulle gjerne hatt fleire slike konkurransar nærare studiestaden vår, avsluttar Jon Urcelay San Roman.
Vi gratulerer Jon, Francesco og Modestas med ein imponerande prestasjon i ein global konkurranse som fremjar innovasjon og teknologisk utvikling.