– Fokus i prosjektet er utvikling av smarte vassystem for effektiv drift, vedlikehald og generell styring av drikkevatn og avløpsvatn, seier professor Razak Seidu ved NTNU.
Overvaker drikkevatnet
Som ein del av prosjektet er det allereie installert utstyr i Brusdalsvatnet for innsamling, sortering og overføring av data. Her får dei svar på vasskvalitet, og tilgang til ein sanntids digital tvilling av drikkevasskjelda.
– Med dei digitale verktøya ser vi også kor det finnast svakheiter i ledningsnettet, og har moglegheit til å simulere operasjonar i infrastrukturen, seier avdelingsleiar for vatn og avløp i Ålesund kommune, Bjørn Skulstad.
Målretta tiltak med hjelp av teknologi
Skulstad meiner at teknologien gir ekstra støtte og tryggleik i overvaking av kvaliteten i drikkevasskjeldene, og ledningsnett. Det finnest mellom anna detaljerte, visuelle verktøy som viser røra i gatene i Ålesund, og i boligområda.
– Overvakinga gjer det mogleg å setje inn målretta tiltak, og planlegge der vi ser det er svakheiter. Det finnest område med stort press somme tider av døgnet, til dømes bydelen Spjelkavika kor det bur mykje folk.