Heider for innsats i vatn- og miljøfag

Under ei tilstelling ved NTNU i Ålesund 28. mai vart Bjørn Skulstad heidra for innsatsen sin innan vatn- og miljøteknikk og for rolla som sentral pådrivar i samarbeidet mellom Ålesund kommune og NTNU.

Bjørn Skulstad og Hans Petter Hildre.
Mottakar av utmerkinga, Bjørn Skulstad i Ålesund kommune, saman med Instituttleiar Hans Petter Hildre frå Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk ved NTNU i Ålesund. Foto: Eli Anne Tvergrov/NTNU.

Bjørn Skulstad har, i rolla som leiar innan vassforsyninga i Ålesund kommune og gjennom fleire store prosjektarbeid, hatt eit tett samarbeid med NTNU gjennom mange år. No går han over i pensjonisttilværet. Hans-Petter Hildre, leiar for Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk, stod for utdelinga av heideren.

– Dette er ein heider som blir delt ut til personar som vi ved NTNU meiner har bidrege særleg til å knyte akademia, næringsliv og offentleg sektor tettare saman. Skulstad får denne utmerkinga for samarbeidsevne, leiarskap og langsiktige bidrag til forsking, utdanning og praksis, sa Hildre.

– Bjørn Skulstad har bidrege til innovasjon, studentengasjement og kompetanseutvikling. Innsatsen hans har vore svært viktig for utviklinga av eit av dei mest praksisnære fagmiljøa innan vassteknikk i regionen. Arbeidet som er gjort i fellesskap, har hatt stor betydning for modernisering og berekraftig utvikling av vatn- og avløpssektoren i Møre og Romsdal – ja, for heile landet. Samarbeidet har òg bidrege til å utdanne nye generasjonar ingeniørar med både nasjonal og internasjonal påverknad.

I samband med utdanning av nye generasjonar kom det helsingar frå tidlegare studentar, som takka for god støtte gjennom studieløpet.

Takk frå fagmiljøet

Razak Seidu, professor i vatn- og miljøteknikk ved NTNU i Ålesund, takka på vegner av Smart Water Group for eit svært godt samarbeid.

– Gjennom prosjekt som Klimaforsk, Smart Water og DigiWater har Skulstad hjelpt NTNU med å byggje samarbeid som ikkje berre handlar om forsking og innovasjon, men òg om tillit, openheit og felles mål. Saman har vi jobba med utfordringar knytte til Brusdalsvatnet, røyrsystem, klimatilpassing og smartare forvaltning av vassinfrastruktur.

– Det finst eit afrikansk ordtak: «Om du vil gå raskt, gå åleine. Om du vil gå langt, gå saman». Bjørn, du har verkeleg hjelpt oss til å gå langt – saman.

– Der vi på NTNU har kome med hydrauliske modellar, digitale tvillingar, simuleringar og kanskje litt på litt vel mykje akademisk entusiasme, har Bjørn lytta. Deretter har han gitt oss praktisk innsikt frå alle sine år med erfaring. Saman har dette gjort vegen vidare og resultata tydelegare. Vi har erkjent at sjølv dei beste modellane framleis dreg best nytte av ein avgjerande inngangsparameter – Bjørn Skulstad.

Viserektor Anne-Lise Sagen Major sende òg helsing og takka for samarbeidet på vegne av NTNU. På tilstellinga var det med representantar frå NTNU, venner, familie og kollegaer frå Ålesund kommune.

Professor Razak Seidu
Professor Seidu viste til eit afrikansk ordtak: Eldre som plantar eit tre veit at dei kanskje aldri får sitte under skuggen av dette. – Bjørn, gjennom ditt arbeid, så har du planta mange tre – gjennom studentane, kollegaer som du har påvirka over tid med din kunnskap.