Mørekysten er ein av dei mest forureina områda i Noreg, der plastavfall trugar både plante- og dyreliv på havbotn. No har masterprogramma «System- og produktdesign» og «Skipsdesign» funne saman, og kome opp med ein plan C for å kome bokstaveleg tala til botn i problema.
100 kilo på 100 meter
– Vi skal no jobbe tett saman med industrien for å utvikle og prototype ei løysing for å rense havbotnen, og etter tre månader med konseptutvikling kunne vi like før jul presentere resultatet vårt, fortel Magnus Renaa Kjørseng, som er student innan «Produkt og systemdesign» og gruppeleiar for Plan Sea-prosjektet.
Studentane kunne stolt presentere eit fjernstyrt fartøy, som på sikt skal bli fullt ut autonomt, og bli i stand til å plukke opp 100 kilo søppel på 100 meters djup. Det tverrfaglege prosjektet har fått namnet Plan Sea.
På lanseringsdagen møtte også dei fem eksterne partnarane som er Kystverket, Ulstein, Nogva, Kongsberg og OceanFront for å høyre meir om framdrifta i prosjektet.
Samarbeid
– For meg er forbindelsen mellom det lokale universitetet og industrien veldig viktig. Med meg har eg mi erfaring og kunnskap, og i retur vil studentane bringe prosjektet dei har utvikla inn i industrien for på sikt å kunne skalere opp, seier Øyvind Gjerde Kamsvåg, sjefsdesigner hos Ulstein og assisterande professor ved NTNU i Ålesund.
No er nemleg studentane inne i sjølve byggjefasen, der konstruksjon av løysinga vil manifestere seg i form av ein aluminiumsbåt på fem meter og fungere 6,5 timar autonom. I tillegg til å kunne samle opp plastavfall vil den også kunne ta vassprøver for å analysere mengda mikroplast i havet. Dette er gjort mogeleg gjennom det tette samarbeidet mellom næringslivet og akademia som ein finn i Ålesund.
Kan endre verda
– Studentane vil vere betre budde på den industrielle verda gjennom sin kunnskap og arbeidsmetode. Dette skaper også mange nye moglegheiter for denne industrien. Noreg er kjent for sin maritime industri, særleg nær Ålesund. Om studentane og selskapa er i stand til å slå saman kunnskapen sin, vil dei skape ein refleksjon og kompetanse som kan vere nyttig her og overalt i verda. Dette prosjektet kan bokstaveleg tala endre verda, utdjupar Kamsvåg.
Øivind Kåre Kjerstad er professor ved Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk ved NTNU i Ålesund. Han fortel at føremålet var å skape noko unikt og nyttig for samfunnet, og at dette prosjektet er eit pionerprosjekt innan havreinsing.
– Kursa i mastergraden er alltid breie nok til å ha noko interessant for alle, anten du jobbar med skipsdesign eller mekatronikk. Dette prosjektet er tverrfagleg, med nokre studentar som jobbar med skroget, andre med kontrollsystemet. Dei må tileigne seg ein metode for å jobbe og kommunisere saman. Akkurat som i eit ekte selskap, der ein er avhengig av kvarandres kompetanse innan ulike felt for å løyse utfordringane, forklarer Kjerstad.
Reell situasjon
Magnus Renaa Kjørseng, er oppriktig bekymra for forureiningsproblemet, særleg plastproblematikken.
– Vi ser mange løysingar for å rydde overflata av havet eller elva, men mellom 60 til 90 prosent av plastavfallet i havet synk. Vi veit at søppelet påverkar miljøet, men vi veit ikkje nøyaktig kor mykje og kor lenge. Vi kjenner ikkje effekten av langvarig plastforureining, Dette prosjektet er også ei utfordring for oss som studentar, fortel han.
– Vi må lære å kommunisere med veldig spesialiserte folk og ikkje berre folk med same kunnskap som deg sjølv, eller berre generaliserte ingeniørar. Vi blir sett i ein reell situasjon meir som i eit selskap, legg han til.
Nytt program
Prosjektet vil bidra til å auke kunnskapen om autonome fartøy og fjernoperasjonar under havet. Når denne prototypen har vist at det fungere ønskjer vi å skalere det opp og sette det i meir industriell skala, seier Kjørseng.
Frå hausen 2024 blir programma slått saman til eit heilt nytt studie som har fått namnet: Master i mekatronikk og automatisering. Prosjektet Plan Sea vil halde fram i det nye studiet.