Styrka samarbeid med studentar

I eit nytt initiativ for å skape ein enda meir inkluderande og studentvenleg by, har Ålesund kommune og studentane i byen etablert ein ny samarbeidsplattform.

NTNU-studentane og kommunen har etablert ein møteplass for å drøfte overordna tema som er viktige både for studentane og for utviklinga av byen.
Ny dialogplattform mellom studentar på NTNU i Ålesund og Ålesund kommune, skal drøfte tema som er viktige for både studentane og utviklinga av studiebyen Ålesund. (Illustrasjonsfoto: Per Christian Dyrøy/NTNU)

I eit nytt initiativ for å skape ein enda meir inkluderande og studentvenleg by, har Ålesund kommune og studentane i byen etablert ein ny samarbeidsplattform.

Målet er å fremme dialog, legge til rette for vekst, og sikre at stemmene til studentane blir høyrde i utviklinga av byen. Ordførar i Ålesund, Håkon Lykkebø Strand, ser fram til samarbeidet og understrekar betydinga av tett dialog.

SAMARBAIDSPARTNARAR: Politisk leiing i Ålesund kommune møtte Studentparlamentet i Ålesund for å drøfte korleis vegen mellom studentane og kommunen kan bli kortare. Frå venstre: Håkon Lykkebø Strand (ordførar i Ålesund kommune), Hedda Aasen, Henrik Braathen (nestleiar og leiar Studentparlamentet i Ålesund) og Monica Molvær (varaordførar Ålesund kommune). (Foto: Kari Hellebust Buvarp/NTNU).

– For å vere ein god universitetskommune må vi møte studentane og høyre kva dei er opptekne av, seier Strand.

Det første innleiande møtet mellom politisk leiing og studentane på NTNU vart gjennomført på NTNU i Ålesund tysdag denne veka.

Ein møteplass

Den nye dialogplattforma skal ikkje fungere som eit offentleg folkevalt organ, men som ein møteplass for å drøfte overordna tema som er viktige både for studentane og for utviklinga av byen. Dialogen vil særleg sette søkelys på seks hovudområde.

Henrik Braathen er leiar av studentparlamentet i Ålesund. Han var til stades under møtet og er opptatt av at kommunikasjonen mellom kommunen og studentane må bli enda betre.

– Gjennom betre samhandling og god kommunikasjon vil studentane sine behov i ein større grad ivaretakast. Samarbeidet mellom Sit (Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim), kommunehelsetenesta og andre helseaktørar er avgjerande for det samla tilbodet til studentane. Kanskje spesielt innan psykisk helse er det svært viktig at tilbydarane av helsetenester samarbeider effektivt, slik at tilbodet studentane får er meir målretta, forklarar Braathen.

For å vere ein god universitetskommune må vi møte studentane og høyre kva dei er opptekne av, Ordførar Håkon Lykkebø Strand

Ikkje fjern gratis buss

Han legg til at studentane sitt kollektivtilbod, som til dømes gratis buss i eit år ved melding om flytting, må oppretthaldast.

– Per i dag har studentane moglegheit til å få gratis busskort ved å melde flytting til Ålesund. Dette er no føreslått utfasa i det kommunale budsjettet. For oss var det ei viktig sak å ta opp med politisk leiing, då vi meiner dette gagner både studentar og kommunen. I tillegg har dette tilbodet har vore altfor dårleg marknadsført.

Folus på næringsliv og medverknad

Kommunen og NTNU i Ålesund vil gjennom det strategiske samarbeidsforumet arbeide for å følge opp Studentmeldinga og handlingsplanen. I tillegg til dei allereie etablerte dialogpunkta, vil samarbeidet styrke koplinga mellom studentar og næringslivet i regionen, samt legge til rette for aktiv studentmedverknad.

Ei satsing for framtida

Med dette initiativet markerer Ålesund eit viktig steg mot å bli ein meir inkluderande og dynamisk universitetsby.

– Vi ønsker å gjere Ålesund til ein attraktiv by for studentar både i studietida og etter fullført utdanning, seier ordførar Strand. Dialogmøta er venta å bidra til sterkare tilhøyrsle blant studentane, og ein berekraftig vekst for heile Ålesund-regionen.

Det neste dialogmøtet er allereie under planlegging, og både kommunen og studentrepresentantar ser fram til å utvikle samarbeidet vidare.

Sakene kommunen og studentane skal samarbeide om:

  1. Kollektivtransport og infrastruktur: Betre transportmoglegheiter, gang- og sykkelvegar er på agendaen for å gjere det enklare for studentane å bevege seg rundt i byen.
  2. Campusutvikling: Fokus på campusområdet for å sikre gode fasilitetar og eit attraktivt læringsmiljø.
  3. Ålesund som attraktiv studentby: For å styrke byen sin posisjon som universitetsby, vidarefører kommunen arbeidet med bustadregistrering av studentar. Dette arbeidet starta i 2019, og målet er å synleggjere Ålesund som ein stad med både attraktive bustader og eit veksande arbeidsmarknad. Kommunen ønsker særleg å skape fleire kompetansebaserte arbeidsplassar, med ekstra fokus på arbeidsmoglegheiter for kvinner med høgare utdanning.
  4. Studenthelse og velferd: Søkelys på lågterskel helsetilbod som er lett tilgjengelege for studentane. Dette omfattar tiltak for både psykisk og fysisk helse, noko som er ein sentral del av ein trygg og god studiekvardag.
  5. Studentkultur: Eit levande kulturliv er viktig for trivselen til studentane. Kommunen og studentmiljøet ser på samarbeid rundt arrangement som Fadderveka, Campusveka og U.-KA-festivalen, samt auka bruk av lokale som Vibes og utviklinga av kulturhamna som ein sentral møteplass.
  6. Studentidrett: Tiltak for å styrke studentidretten inkluderer mellom anna rabatterte prisar på idrettsanlegg og symjehallar, samt fasilitetar som eit nytt treningssenter i det nye studentbygget.