For å vere kvalifisert til vurdering gjeld følgjande kriterium:
- Forfattaren må ha tilknyting til Trøndelag
- Boka må vera norskspråkleg skjønnlitterær og skrive på norsk dei siste to åra
- Boka må vende seg til eit allment publikum
Gjendiktingar, omsett litteratur og antologiinnslag vil ikkje bli vurderte.
Her kan du nominere kandidatar til NTNUs litteraturpris 2025
Fristen for å sende inn forslag er 16.april 2025.
Om NTNUs litteraturpris
Prisen er på 20 000 NOK, og delast i år ut for niande gong.
«Formålet med NTNU Litteraturpris er å anerkjenne eit norskspråkleg, skjønnlitterært eller faglitterært verk skrive av ein nolevande forfattar med tilknyting til Trøndelag. Den er òg meint å skulle stimulere interessa for litteratur, så vel skjønnlitterær som faglitterær, og synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til regionen vår. Verket må vere gitt ut dei to siste åra.»
Jury for NTNUs litteraturpris 2025
Juryen består av representantar frå NTNU, Litteraturhuset i Trondheim og Norsk Forfattersentrum:
Karolina Drozdowska (NTNU, juryleiar)
Aja Bugge (Litteraturhuset)
Marthe Kant (Litteraturhuset)
Siri Aurland Bredesen (Norsk forfattarsentrum)
Nora Berg Markussen (NTNU, stipendiat)
For ytterlegare informasjon, kontakt juryleiar Karolina Drozdowska