Midt i den mest hektiske perioden for studentane ved NTNU i Ålesund, inviterte studentparlamentet til eit heilt spesielt arrangement: pelsterapi. Initiativet kom frå Hedda Aasen, leiar av studentparlamentet, som ønskte å gi studentane ein pause frå pensum og eksamenspress. Resultatet vart ein ubetinga suksess – mellom hundre studentar møtte opp for å kose med dei tre Eurasier-hundane Wida, Dina og Øyvarg frå Kennel Øyflokken og den australske Cobberdogen Aiko.
– Vi annonserte dette i går, og eg hadde aldri trudd at det skulle kome så mange, smiler ein fornøgd leiar av parlamentet.

Kvifor hundar som terapi?
Forsking viser at kontakt med dyr kan ha ein merkbar positiv effekt på både fysisk og psykisk helse. Når vi klappar ein hund, frigjer kroppen hormon som er knytt til ro, tryggleik og velvære. Samtidig går nivået av stresshormonet ned. Dette gjer at blodtrykket kan synke, pulsen blir rolegare, og vi kjenner oss mindre stressa. For studentar som står midt i eksamensperioden, kan slike små pusterom vere avgjerande for å halde motivasjonen oppe.
Eit sosialt og inkluderande tiltak
Arrangementet skapte ikkje berre ro, men også fellesskap. Mange studentar kom saman, slo av ein prat og delte opplevinga av å kose med dei mjuke hundane. Hedda Aasen understrekar at målet var å gje studentane ein trygg arena der dei kunne senke skuldrane:
– Det er lett å gløyme å ta vare på seg sjølv når ein har hovudet fullt av pensum
– Det er lett å gløyme å ta vare på seg sjølv når ein har hovudet fullt av pensum. Vi ville minne folk om at det er lov å ta ein pause, og at det faktisk kan gjere deg meir effektiv når du går tilbake til lesinga, seier ho.
Helsefremjande ressurs
Bruk av dyr i terapi er ikkje nytt. Dyreassistert terapi blir nytta i alt frå eldreomsorg til behandling av angst og depresjon. For studentar kan det vere ein enkel, lågterskel måte å redusere stress på. Eurasieren Øyvarg er til og med utdanna som besøkshund gjennom Røde Kors, noko som understrekar kor profesjonell og trygg denne typen tiltak kan vere. Studiar frå universitetsmiljø i både Europa og USA viser at korte møte med hundar kan redusere opplevd stress og auke trivsel. Det handlar ikkje berre om kos – det handlar om å skape balanse i ein krevjande kvardag.

Skal gjentakast
Responsen på pelsterapien ved NTNU i Ålesund tyder på at dette er eit tiltak som bør kome igjen. Studentane gjekk derfrå med smil om munnen og lågare skulder, klare til å ta fatt på resten av eksamensperioden.
– Vi håpar dette kan bli ein tradisjon. Det er ein enkel måte å gje studentane betre psykisk helse på, seier Aasen, og har allereie planlagt ein ny runde med pelskos i mai.