Årets prisvinnar får rosande ord for kvaliteten på undervisninga si. Ho utmerker seg kontinuerleg som ein undervisar utanom det vanlege. Gro er godt kjent for stor pedagogiske dyktigheit. Dette har juryen lagt til grunn for avgjerda si.
Bjørnøy er universitetslektor ved Institutt for biologiske fag ved NTNU i Ålesund.
Grundig
Juryen legg til at Bjørnøy bruker varierte og effektive læringsmetodar. Ho tenkjer kritisk, grundig og nøyaktig i førelesingane sine. Slik formidlar ho komplisert teori på ein klar og effektiv måte, slik at studentane forstår kjemi uansett tidlegare forkunnskapar.
Engasjerande podcast
Saman med Cecilie Tynes Riksem, er ho også redaktør for kjemipodcasten ‘Rosa begerglas’. Dette er ein podcast for å samle studentane om kjemifaget og som følgjer pensumet utover semesteret.
Podcasten skaper mykje engasjement og den viser aktiv bruk av moderne undervisningsverktøy. Bjørnøy har også ein svært open kommunikasjonsstil, noko som gjer at studentane føler seg trygge, høyrde og sett.
– Gro bidrar til at studiet blir meir arbeidslivsrelevant og ho legg stort fokus på oppbygginga av studiet, les vi også av grunngivinga.
Vanskeleg jobb
Vanskeleg jobb
Det er studentane ved NTNU i Ålesund som har nominert kandidatane til Studiekvalitetsprisen. Henrik Braathen, leiar av studentparlamentet og jurymedlem, hadde den hyggelege oppgåva å overrekke den.
– Her var det ekstremt gode undervisarar blant kandidatane! Det vart ei vanskeleg oppgåve for juryen å velje berre ein vinnar! Mange var gode og slik er det ei stor ære å berre bli nominert. Prisen er for å setje fokus på kor viktig det er å vere ein god førelesar, samt kor mykje desse blir sette pris på av studentane dei underviser, seier Braathen.
Stolt viserektor
Viserektor Anne-Lise Sagen Major var raskt ute å gratulerte vinnaren.
– Eg er svært stolt over at vi har så flinke undervisarar her på campus i Ålesund, og eg skulle gjerne ha delt ut ein pris til kvar og ein av desse, seier ho.
Dei andre kandidatane som var nominerte var:
Birgitte Paulsen Torset (IBA) Bjørn Magne Hatlø (IIF) Snorre Bakke (IBA) Arne Styve (IIR) Aasta Marie Sveino Strand (IHA) Berit Synnøve Molnes Bringsli (IHA) Lars Andre Olsen (IHA) Elias Sandal (IIR) Ben David Normann (IIR) Andreas Longva (IHB)