«Grønn kai» i verdsarvområde er historie

I tre år har NTNU-studentar arbeidd med grøne løysningar for turisme i Geiranger, Hellesylt og Stranda. No i september vart prosjektet historie frå NTNU si side. Sluttpresentasjonen er levert.

Gruppebilde av dei som har delteke i prosjekt Grønn Kai siste åra.
Prosjektleiar Rita Maraak, forskar Irina-Emily Hansen frå NTNU, og åtte av studentane som har vore med gjennom prosjektperioden 2021-2023. Foto: EAT/NTNU.

Samarbeidspartnarane til universitetet er godt nøgde med det som har kome ut av arbeidet i prosjektet «Grønn Kai». No i september mottok Stranda havnevesen og Stranda kommune sluttpresentasjonen til studentane frå NTNU i Ålesund. Ein sluttrapport gårvidare til Norges Forskingsråd og Møre og Romsdal fylkeskommune. Då vert det sett endeleg punktum for prosjektet, samstundes som knoppskytinga er i full gang.

Rita Maraak - hamnesjef i Stranda hamnevesen.
Prosjektleiar og hamnesjef i Stranda hamnevesen Rita Maraak takkar studentane som har delteke i ulike faser av prosjektet. Foto: EAT/NTNU.

Stranda hamnevesen med hamnesjef Rita Maraak har på vegne av Stranda kommune vore prosjektleiar. Ho er godt nøgd med det som har kome ut av arbeidet. Spesielt er ho nøgd med innsatsen til NTNU-studentane.

–  Dei har lytta til innspela som har kome frå mange hald inn i arbeidet. Dei har sikra seg at det vert mogleg å realisere, og det er konkret og det er økonomisk forsvarleg.  Det er tenkt innovativt og det er lagt vekt på å samle fakta. Studentane hatt hatt god dialog med aktørane for å finne realistiske konsept.

Fleire som på ymse vis har delteke i prosjektet «Grønn kai», vart nyleg inviterte til avslutningsmarkering på Smia hjå NTNU i Ålesund.

Faglærarar, rettleiarar og heile forskingsmiljøet på NTNU har fått ein stor takk frå prosjektleiaren. Det same har dei fått, alle dei private aktørane som har vore viktige og blir viktige i det vidare arbeidet.  

Skisse av Geiranger - modell.
Frå avslutninga av prosjekt Grønn Kai, i Smia på NTNU i Ålesund. Foto EAT/NTNU.

Teke omsyn til mykje

– Mandatet till Stranda hamnevesen er drift og forvaltning av Stranda kommune sitt sjøområde frå Stranda inn Sunnylvsfjorden til Hellesylt og Geiranger. Hamnevesenet skal forvalte eit sjøområdet basert på berekraftsmåla, økonomi, menneske og miljø. I prosjektet synes eg at det er teke omsyn innanfor alle desse punkta på ein god måte, seier Maraak.

Gode leveransar gjennom prosjektet ligg no føre med forslag til kaisystem, forslag til mottak av utsleppsfrie fartøy og optimal distribusjon av passasjerar og trafikk. Kommunen får god nytte av dette. Det får kommunen også av analysane studentane har utført av kostnadsbildet, behov for finansiering og for gevinst ut frå berekraftsmålsperspektivet.

Forretningsmodellane som er utvikla er aktuelle og vert sentrale vidare framover. Til dømes også systemet dei har utvikla for å få oversikt på totalbelastninga av næringstrafikken i Stranda og Hellesylt.  

Knoppskyting frå prosjektet

Skisse av Strandafjorden

Av dei som tok ordet på samkome på Smia la fleire vekt på knoppskytinga. Det er knytt forventningar til desse.  

Prosjektleiar Maraak nemnte særskilt det nye prosjektet «Grønn plattform». Ho trekte også fram forslaga studentane har til Geiranger småbåthamn, vidareutvikling av alternativa til ny lokal distribusjonskai på Hellesylt og forslag til nytt område med potensiale i kommunesenteret Stranda.

Kommunalsjef Einar Lied snakka på vegne av Stranda kommune. Han sa at det er spennande at det er studentar under utdanning som kjem med den nyaste kunnskapen.

Lied seier at Stranda kommune kan nytte seg av det studentane har utvikla på fleire vis. Som døme viste han blant anna at dei no kan vise visuelt kor djupt og bratt fjorden går nedover utanfor Stranda sentrum. Det er ei langt betre løysing enn å vise til strekar på eit sjøkart.

– Det har vore spennande å sjå det som skjer i samhandlinga mellom NTNU-studentane, næringslivet og i nettverket som har vorte skapt gjennom dette, sa han.

Ein friare innfallsvinkel

– Samlingane i prosjektet har vore inspirerande. Tankane vert løfta. Vi har fått innspel frå ein litt friare innfallsvinkel, enn det kommunen får til i kvardagen sin, held Lied fram.

– Men planprosessane tek ofte lang tid. Den siste vi hadde knytta til Geiranger tok åtte år før endeleg vedtak. Raskaste vegen vidare går nok derfor via alt godkjente planar.

–  Den operative kunnskapen frå studentane og næringsliv er viktig. Framover må vi finne løysingar som tek vare på verdsarv, næringsliv og ikkje minst busettinga her som det aller viktigaste.  

Kommunalsjefen har merka seg forslaget om ein tunell i Geiranger, noko dei vil jobbe aktivt vidare med. Samarbeid mellom universitetet, næringsliv, kommunane og fylkeskommune gir grunnlag for ei betre og meir framtidsretta utvikling. Kommunen håper at dei blant anna kan bygge vidare på industrinettverket, som er eit fantastisk resultat av prosjektet.

Prosjektleiar og hamnesjef Rita Maraak: – Med tanke på det som ventar framover, samt det som alt er innført av miljøreguleringar, so var prosjektet godt planlagt og til rett tidspunkt.

Maraak sa at ho vil sakne det gode samarbeidet dei har hatt siste tre åra. Ho håpar på nye høve for samarbeid, for fleire av spørsmåla som er stilt i prosjektet står enno utan svar.

Nokre må rett nok svarast ut politisk.

Året 2026 held fram med å kome nærare på, enn fleire ynskjer seg.

I 2026 må turistskip og ferjer ta seg utsleppsfritt inn i dei fem norske verdsarvfjordane. Nedtellinga viser at den 6. september, var det berre 847 dagar igjen til fristen går ut.

Gruppebilde av prosjekt Grønn Kai - Geiranger.
Kommunalsjef Einar Lied frå Stranda kommune (t.v.), prosjektleiar Rita Maraak, forskar Irina-Emily Hansen som har vore hovudkontakt i prosjektet på NTNU, og åtte av studentane som har vore med gjennom prosjektperioden 2021-2023. Foto: Eli Anne Tvergrov /NTNU.

Grønn kai 2023 – Oppsummering

  • Nøkterne og rimelege distribusjonskaier som kan realiserast i løpet av dei neste åra.
  • Modulere kaikonstruksjonar som gjer det enklare å skalere kapasitet i seinare tid.
  • Destinasjonsutvikling og verdiskaping for lokalmiljøa.
Sjå også nettsidene: