Samarbeid for norsk maritimt kompetanseberedskap

Forsvaret treng mange nye tilsette
Berre i Forsvaret treng dei 1300 nye tilsette i maritime stillingar. Utdanningsinstitusjonene på Campus Ålesund er klare for å levere nøkkelpersonell til både sivil og militær skipsfart.

I Regjeringa sitt «Veikart for auka produksjonskapasitet i forsvarsindustrien» kjem behovet for dialog med regionale aktørar for å sikre tilgangen på kompetent personell i den maritime næringa.

Campus Ålesund er allereie kjend som ein leiande aktør innan maritim utdanning, forsking og næringsliv. Med eit unikt samarbeid mellom akademia, forsking og verdsleiande maritimt næringsliv, gir kompetansemiljøet i Ålesund verdifulle fordelar til både studentar og bedrifter.

Meir av det vi er gode på

I lengre tid har dette samarbeidsmiljøet sett på kva dei kan bidra med meir av mot Forsvarets Langtidsplan og den sivile sjøfarten sine behov i framtidig rekruttering av maritimt personell. I den nye langtidsplanen for Forsvaret er det planlagt 1300 nye stillingar i Sjøforsvaret dei kommande åra, samtidig som det er eit stort rekrutteringsbehov i den sivile sjøfarten. I tillegg kan ein stor flåtefornying forvente auka byggeaktivitet ved verftsindustrien i fylket, og behovet for fagarbeidarar er stort òg der.

Desse skal samarbeide for å styrke den marine flåten med nytt blod. Frå venstre: Ole Reinlund, rektor Ålesund VGS. Roger Andre Fylling, rektor Borgund VGS. Kirsti Slotsvik, CEO ÅKP. Arnfinn Oksavik, NTNU Ocean Training. Anne Lise Major Sagen, Viserektor NTNU, Hans Petter Hildre, NTNU. Kai Westre, daglig leder NMK. Britt Giske Andersen, Maritimt Forum Nordvest. Helene Hanken, rektor Fagskolen. Trine Otterlei, studieleder Fagskolen. Harald Jan Astrup Skarstein, NTNU

– Derfor er ei vidareutvikling av Campus Ålesund ved no også å styrke samarbeide med Borgund og Ålesund vidaregåande skular eit viktig moment. Vi kan med dette tilby eit komplett maritimt studieløp, nesten vegg i vegg. Og vi har kapasitet til å ta inn fleire, seier Britt Giske Andersen, prosjektleiar for samarbeidet og dagleg leiar for Maritimt Forum Nordvest.

Historisk samarbeid

Torsdag denne veka samla dei seg, bedriftsklyngene ÅKP, Maritimt Forum Nordvest, Borgund og Ålesund vidaregåande skular, Fagskulen i Møre og Romsdal, Ocean Training AS og NTNU hos Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) for å fortelje korleis dei kan bidra til å styrkje samarbeidet om maritim utdanning.

– Målet er at vi skal gjere meir av det vi er gode på og at samarbeidet for norsk maritim kompetanse og beredskap skal bli ein nasjonal ressurs for heile landet, seier Helene Hanken, rektor ved Fagskulen i Møre og Romsdal.

Gjennom samarbeidet kan vi:

  • Tilby skreddarsydde studieløp med næringslivstilknyting.
  • Utdanne og samordne kandidatar til både maritime og landbaserte posisjonar.
  • Styrkje reservane gjennom resertifisering av erfarne fagfolk og sjøoffiserar.
  • Levere norske fagfolk i alle ledd av den maritime verdikjeda.
  • Vere ein samarbeidsarena mellom akademia, forsvar og næringsliv.
Viserektor ved NTNU i Ålesund, Anne-Lise Sagen Major
Viserektor Anne-Lise Sagen Major er klar for å utvide maritime studieplassar, men då må regjeringa ta grep for å omdisponere midlar

Kompetanseklynge for heile landet

Regjeringa sitt «Veikart for auka produksjonskapasitet i forsvarsindustrien» framhevar behovet for dialog med regionale aktørar for å sikre tilgangen på kompetent personell. Ålesund, med sitt maritime kompetansesenter og NTNU-campus, er ideelt posisjonert til å utvikle nye utdanningsløp og skreddarsy hurtigløp for etter- og vidareutdanning. Gjennom dette samarbeidet kan vi vere ein sterk partnar for forsvarssektoren og ikkje minst bidra til Noregs nasjonale tryggleik og beredskap, både lokalt og nasjonalt.

Avhengig av statleg støtte

– For å kunne levere på dette potensialet er vi no avhengige av at regjeringa omdisponerer midlar slik at utdanningsinstitusjonane kan auke talet på studieplassar, seier Anne-Lise Sagen Major, viserektor ved NTNU. 

– Vi er klare til å levere og styrkje Noregs maritime beredskap, men det krev at staten har eit reelt ønske om å oppfylle Forsvarets langtidsplan, Anne-Lise Sagen Major

I anledning neste vekes Verftskonferanse i regi av Norsk industri, arrangerer Maritimt Forum Nordvest og NTNU eit eige frukostmøte der dette er temaet.