Klar for oppstart av legeutdanning i Ålesund til hausten

Med dette er NTNU i Ålesund, Helse Møre og Romsdal og Ålesund kommune offisielt klare for å ønskje dei første tredjeårs-legestudentane frå Trondheim velkomen til den desentraliserte legeutdanninga i Ålesund.

Portrett av tre som står bak legeutdanningen ved NTNU og HMR.
(Frå venstre) Markus den Ouden (NTNU), Solveig Hoff (NTNU/HMR) og Solveig Bjellmo (NTNU/HMR) koordinerer og planlegg innføringa av studieløpet, og gler seg til dei nye legestudentane kjem til Ålesund i haust (Foto: Petter Bjørklund/HMR)

Kilde: Pressemelding Petter Bjørklund (Helse Møre og Romsdal) 19.05.2023 – 09:00):

Det desentraliserte studieløpet, betre kjent som NTNU Link​​, gir inntil 20 studentar som har fullført dei to første åra av medisinstudiet ved NTNU Trondheim moglegheit til å ta dei neste to åra av utdanninga i Ålesund. Sjukehuset Levanger har hatt dette studieløpet sidan 2018.

Portrettfoto av instituttleiar ved Institutt for helsevitskap NTNU Ålesund, Svanhild Schønberg
Instituttleiar ved Institutt for helsevitskap NTNU Ålesund, Svanhild Schønberg (Foto: Geir Mogen/NTNU)

Det var i september 2019 at Grimstadutvalget kom med ein anbefaling​ om å auke talet plassar på medisinutdanninga i Noreg. Innføringa av desentralisert legeutdanning til Ålesund er dermed​ eit svar og​ tiltak som har som mål å auke denne kapasiteten.

Sv​anhild Schønberg, instituttleiar ved Institutt for helsevitskap ved NTNU i Ålesund, fortel at dei er veldig glade for at dei første legestudentane kjem til Ålesund i haust.

– Vi gler oss til å ønskje dei nye studentane velkomen, og å inkludere dei i det flotte studiemiljøet på campus Ålesund. Det er alt eit godt fagleg samarbeid mellom NTNU og helseføretaket, og NTNU i Ålesund har eit aktivt studiemiljø med gode undervisingsfasilitetar som studentane vil ha stor nytte av.

Studiemodellen som skal nyttast i Ålesund har fokus på studentaktiv undervising og nær pasientkontakt i realistiske situasjonar i sjukehus og kommunehelseteneste.

Auke rekrutteringa

– I lag med NTNU i Ålesund og Ålesund kommune er vi glade og nøgde over å kunne tilby dette studietilbodet til hausten med mål om å bidra til auka rekruttering til Møre og Romsdal som helseregion og kapasitet på legeutdanninga i landet, fortel fagdirektør i Helse Møre og Romsdal, Erik Solligård.​​​

​GLER SEG: Fagdirektør Erik Solligård ser fram til å ta imot dei første tredjeårs-legestudentane til hausten. Å få medisinutdanning til fylket er noko han håpar vil vere med å styrke Helse Møre og Romsdal ytterlegare og betre rekruttering av legar både til sjukehusa og som fastlegar (Foto Sondre Solbakken/Helse Møre og Romsdal).​​

– Vi ser fram til at dei skal stifte nærare kjennskap til Ålesund by, sjukehuset og campus Ålesund.​ Dette er eit felles løft for heile Helse Møre og Romsdal som vi håpar skal styrke fag, forsking og rekruttering ved alle sjukehusa våre.

Gler oss til studiestart

Seksjonsoverlege HMR og prosjektleiar Solveig Roth Hoff (Foto: Petter Bjørklund/HMR)

Seksjonsoverlege HMR, førsteamanuensis NTNU og prosjektleiar Solveig Roth Hoff seier det følast godt at studieløpet er klart for oppstart og gler seg til å møte dei nye studentane til hausten.​

Ho og studiekonsulent ved Institutt for helsevitskap ved NTNU i Ålesund, Markus den Ouden legg til at dei haustar av erfaringane til Levanger for å kunne levere eit godt og lokaltilpassa tilbod til studentane.

– Vi har alle eit felles mål om å gi studentane eit best mogleg tilbod, og hos oss vil dei få motivasjon til å arbeide med faga ved hjelp av plenumsundervising der dei har ei aktiv rolle og klinisk teneste med mykje pasientkontakt.

Den desentraliserte legeutdanninga NTNU Link er eit samarbeid mellom NTNU, Helse Møre og Romsdal og Ålesund kommune.

Kva er NTNU Link?

Link står for «langsgåande integrert klinisk teneste» og representerer ein innovativ og kunnskapbasert utdanningsstruktur.