«Kommunar bør sikre seg spesialistane i allmennsjukepleie»

Ytring frå utdanningsmiljøet innan avansert klinisk allmennsjukepleie frå NTNU og Universitetet i Agder.

Illustrasjonsfoto av pasient og sykepleier.
Illustrasjonsfoto (Peopleimages.com)

Dette er en ytring. Den gir uttrykk for skribentens mening.

ANETT SKORPEN TARBERG førsteamanuensis, NTNU Ålesund | RIGMOR EINANG ALNES førsteamanuensis, NTNU Ålesund | KRISTIN JEPPESTØL førsteamanuensis, Universitetet i Agder | ELIN SANDNES FLEM avansert klinisk sykepleier/masterstudent, NTNU Ålesund | SUSAN SAGA førsteamanuensis, NTNU Trondheim | NINA BEATE ANDFOSSEN førsteamanuensis, NTNU Gjøvik

Framoverlente kommunar sikrar seg no høgare og breiare kompetanse, slik at dei får gode og likeverdige tenester til dei eldre i framtida. Desse kommunane utviklar og vidareutdannar sjukepleiarar, på eige initiativ og gjennom innvilga støtte frå Helsedirektoratet, til spesialistane vi alle kan få behov for.

Vi lever lenger, har fleire samansette og komplekse sjukdomar. Dei aller fleste i aldersgruppa over 65 år klarer seg fint utan omfattande helsetenester, men 20 prosent av dei eldre har stort behov for kommunale tenester og behov for oppfølging frå fastlege.

For å sikre gode og likeverdige tenester inn mot denne utfordringa, er det behov for tilsette med høgare og breiare kompetanse. Det er behov for ei auka tverrfagleg samhandling i kommunehelsetenesta.

Den avanserte kliniske allmennsjukepleiaren har den naudsynte ein breiddekompetansen, og auka kompetanse til å observere, vurdere og å sette i gang tiltak på avansert nivå.

Ifølge Helsedirektoratet, og etter anbefaling frå Helsepersonellkommisjonen, er det forventa at alle kommunar legg planar for å sikre rett kompetanse fram i tid. Helsedirektoratet har tilskotsordning der kommunane kan søke for å utdanne kliniske allmennsjukepleiarar for si kommune.  

Formålet med tilskotsordninga er nettopp å stimulere kommunane til kompetanseoppbygging, gjennom å vidareutdanne sjukepleiarar til spesialistar i klinisk allmennsjukepleie.

Den avanserte kliniske allmennsjukepleiaren (AKS) arbeider praksisnært, men samstundes kan dei gi av sin kompetanse på både teneste- og systemnivå.

Skrøpelege eldre har ofte symptom som ikkje er typiske eller forventa for sjukdomen dei har. Det kan vise seg gjennom ufrivillig vekttap, tap av muskelmasse og styrke, redusert ganghastigheit, lavt aktivitetsnivå og ei oppleving av utmatting.

Skrøpelege eldre kan ha redusert reservekapasitet og ha auka sårbarheit for påkjenningar ved akutt sjukdom eller skade. Dette fører til auka risiko for alvorlege hendingar, auka behov for helsetenester og omsorgstenester og død.

Det er i møtet med denne  pasientgruppa – dei multisjuke eldre – at den spesialiserte  sjukepleiaren (AKS) gir av sin breiddekompetanse til å observere, vurdere og å sette i gang tiltak på avansert nivå inn mot pasienten.

For å forebygge auka omsorgsbehov, redusere risikoen for skrøpelegdom og oppretthalde funksjonar hos den skrøpelege eldre, er tidleg identifisering og skreddarsydd heilskapleg omsorg eit nødvendig tiltak.

Avanserte kliniske allmennsjukepleiaren er gode ressursar for samhandling, oppfølging og evaluering på tvers i helsetenesta. Undersøkingskompetansen og vurderingskompetansen som desse har, kan hindre unødige innleggingar og reinnleggingar til sjukehus. Dei kan også forebygge innleggingar til Kommunal Akutt døgnteneste (KAD), sjukeheim og redusere bruk av legevakta sine tenester.

Behovet for tverrfagleg samarbeid mellom helsepersonell og god samhandling med pårørande er viktig for at den skrøpelege eldre som ønsker det, kan få bu heime lengst råd.

Både nasjonalt og internasjonalt er det dømer på godt samarbeid mellom fastlege, sjukeheimslege og avanserte kliniske allmennsjukepleiar, der ein utnyttar betre dei samla ressursane og truleg også skaper betre tenester for pasientane.

Eit eksempel er Notodden kommune: Deira AKS-funksjonen er eit samarbeid mellom mange ulike einingar: Legevakt, fastlegar, heimebasert tenester, sjukeheim, kvardagsrehabilitering, demenskoordinator, kreftkoordinator, fagutviklingssjukepleiar og tildelingskontoret.

Dei raporterer til einingsleiar i heimebaserte tenester.

AKS-funksjonen kartlegg og følger opp pasientar med komplekse helseutfordringar.

Dei sørger for oppretting og endring av behandlingsplanar samt koordinering av tenester i Notodden kommune.

Dei bidreg med kompetansedeling, tenesteutvikling og forskings- og utviklingsprosjekt.

Finansieringa har kome til i eit spleiselag med blant andre legesenter, legevakt, sjukeheim, heimetenesta og Universitetet i Sør Øst-Norge.

Drammen, Tønsberg og Sandefjord kommune er også kommunar som kan vise til gode erfaringar i bruken av AKS-funksjon.

Avanserte kliniske allmennsjukepleiarar arbeider praksisnært og  slik er det behovet i kvar enkelt kommune som styrer korleis dei arbeider.

Kva kompetanse har sjukepleiarane på dette spesialistnivået? Gjennomføring av bachelorutdanninga på tre år gir grunnkompetansen i sjukepleie og sjukepleiaren blir generalist. AKS gir eit høgare nivå på kompetansen: Å satse på vidareutdanning og bygge kompetanse i avansert klinisk allmennsjukepleie, gjer at kommunehelseteneste betre møter behova i store sjukdomsgrupper som demens, rus og psykisk sjukdom, kreft, lunge- og hjarte-karsjukdom. I tillegg kjem auka kunnskap om om legemiddelbehandling, rettleiing, brukarmedverknad, etikk og fagleg leiing også tilbake til kommunane som ein meirverdi.  

Ein avansert klinisk allmennsjukepleiar har fem års universitetsutdanning og blir kvalifiserer til spesialistgodkjenning etter fullført masterløp. Internasjonalt blir rolla og funksjonen brukt om lag 70 land.

Fleire universitet og høgskolar i Norge tilbyr utdanninga, også som deltidsutdanning. Blant desse finn du NTNU i Ålesund, Trondheim og Gjøvik og Universitetet i Agder.

Same sak publisert som debattinnlegg i bl.a. Kommunal Rapport, 2. oktober: Kommunane bør sikra seg sjukepleiespesialistar • Kommunal Rapport (kommunal-rapport.no)

Om Avansert klinisk allmennsykepleier (AKS)

Kompetansen som styrkar helse- og omsorgstenestene i kommunen din.  Forsking viser at AKS kan bidra til ein meir berekraftig ressursbruk, auke og behalde kompetanse, gi betre pasientsikkerheit og ei meir kontinuerleg tenesteutvikling. Forsking finn og at AKS kompetansen skaper ei større grad av tryggleik både hos sjukepleiaren med denne spesialistutdanninga, blant kollegaer i fagmiljøet lokalt og for pasientane med multisjukdom.
Portrettfoto av Anett Skorpen Tarberg. Førsteamanuensis. 
Institutt for Helsevitskap, NTNU Ålesund
Anett Skorpen Tarberg. Førsteamanuensis, Institutt for Helsevitskap, NTNU Ålesund.
Portrettfoto: Rigmor Einang Alnes
Førsteamanuensis. Institutt for Helsevitskap, NTNU Ålesund
Rigmor Einang Alnes.
Førsteamanuensis, Institutt for Helsevitskap, NTNU Ålesund.
Portrettfoto: Kristin Jeppestøl
Førsteamanuensis. Institutt for Helse -og sykepleievitenskap, Universitetet i Agder
Kristin Jeppestøl. Førsteamanuensis,
Institutt for Helse -og sykepleievitenskap,
Universitetet i Agder
.
Elin Sandnes Flem. 
Avansert klinisk sykepleier/Masterstudent
Institutt for Helsevitskap, NTNU Ålesund & Ålesund kommune.
Elin Sandnes Flem.
Avansert klinisk sykepleier/Masterstudent
Institutt for Helsevitskap, NTNU Ålesund & Ålesund kommune.
Portrett: Susan Saga. 
Førsteamanuensis. Institutt for Samfunnsmedisin -og sykepleie, NTNU Trondheim.
Susan Saga.
Førsteamanuensis. Institutt for Samfunnsmedisin -og sykepleie, NTNU Trondheim.
Portrett; Nina Beate Andofssen
Førsteamanuensis
Institutt for Helsevitskap, NTNU Gjøvik
Nina Beate Andofssen. Førsteamanuensis,
Institutt for Helsevitskap, NTNU Gjøvik.

Når kommunane legg planar for å sikre rett kompetanse fram i tid er det svært viktig at kommunen set av ressursar og rom til avansert klinisk allmennsjukepleie. Dei må oppfordre sjukepleiarane til å ta masterutdanninga. Det er slik vi får utvikla og slik vi kan halde på kompetansen som bidreg til ei betre helseteneste i kommunane våre.