Nytt masterprogram ved NTNU i Ålesund

NTNU i Ålesund vil frå hausten 2024 tilby masterprogram innan berekraftig innovasjon.

Instituttleiar Mark Pasquine gler seg til å ta i mot dei nye master studentane no i haust
Instituttleiar Mark Pasquine gler seg til å ta i mot dei nye masterstudentane og eit heilt nytt masterprogram. (Foto: Børge Sandnes/NTNU)

Programmet ­­– Management of Innovation and Sustainable Business Development – ved Institutt for internasjonal forretningsdrift vil ha 30 studieplassar.

NTNU i Ålesund fekk 400.000 kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune si støtteordning «Skaparkraft – forprosjekt nye utdanningstilbod» til arbeidet med å opprette masterprogrammet, og NTNU vil denne hausten jobbe vidare med utforming av innhaldet. Dette i tett kontakt med arbeidslivet i regionen og med fokus på behovet for arbeidskraft på området. 

Vore avgjerande

Mark Pasquine er nytilsett instituttleiar ved Institutt for internasjonal forretningsdrift (IIF) ved NTNU i Ålesund, og gler seg til å utvide studietilbodet.

– Dette programmet komplimenterer vårt eksisterande sivil økonomi master og fyller eit hol i utdanningstilbodet vårt gjennom å tilby eit masterprogram som alle bachelorstudentane i økonomi og leiing i Ålesund kan søke på, seier Pasquine.

I følge Pasquine har midlane frå Møre og Romsdal fylkeskommune vært avgjerande for å utforske og forstå dagens og framtidige kompetansebehov. 

– I tillegg vil vi få kunnskap som regionale bedrifter treng frå våre studentar og for å utvikle eit program som skal møte desse behova, legg han til.

Innovativ offentleg sektor

NTNU forankrar masterprogrammet i fylkesplanen for 2021-2024, der det i langsiktig utviklingsmål 4 står at «Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt leiande næringsliv og ein innovativ offentleg sektor».

NTNU sitt samfunnsoppdrag er å vere ein premissleverandør for omstilling og grønt skifte, og skal bidra til et konkurransedyktig næringsliv og en god offentlig sektor i tråd med FNs bærekraftsmål.

Institutt for internasjonal forretningsdrift har dei seinare åra opparbeidd seg ein solid kompetanse innan innovasjon og berekraft, og bidrar i ei rekke spennande prosjekt på området.

Viserektor Anne-Lise Sagen Major ved NTNU i Ålesund forventar at det nye programmet vil gjere studentane enno meir attraktive i regionen.

Etterspurt kompetanse

– Masterutdanninga gir studentar som ønsker å bidra til innovative og berekraftige løysingar i arbeidslivet ein viktig og etterspurt kompetanse. Programmet vil ha ein tett kopling til regionalt arbeidsliv, då masterstudentar gjerne er enno meir attraktive for direkte samarbeid med bedrifter. Det nye programmet skal jobbe tett saman med regionalt næringsliv gjennom ulike innovasjonsprosjekt, seier Sagen Major.

Ho legg også til at programmet også kan passe for bachelorstudentar innan relaterte fag som til dømes biomarin innovasjon og marknadsføring, innovasjon og leiing.