Ole-prosjektet er eit tilbod til menn som er sjukepleiarstudentar hos NTNU i Ålesund og som skal bidra til å rekruttere, motivere og utdanne fleire mannlege studentar innan helse.
Positivt
– Vi opplevde det positivt at Mørebenken på Stortinget tok seg tid til å møte og lytte til oss. Det vel vi å oppfatte som eit signal om at det arbeidet vi gjer er riktig, seier universitetslektor hos NTNU i Ålesund, Berit Synnøve Molnes Bringsli som deltok under besøket.
Bringsli fortel vidare at det er mange menn som sluttar undervegs i utdanninga og at Ole-nettverket som vart etablert i 2018 skal bidra til at fleire menn vel yrke og gjennomfører utdanninga.
– I dag er om lag ti prosent av sjukepleiarar menn. Kjønnsbalanse er viktig av mange grunnar, men ikkje minst av omsyn til pasientane og dei tenestane som sjukepleiarane skal levere. Helsevesenet skal levere likeverdige tenester til ei mangfaldig befolkning. For å oppnå det, treng vi mangfald blant helsepersonell, legg ho til.
Rollemodellar
Gjennom Ole-nettverket skal mannlege studentar få møte rollemodellar og diskutere fag på sin måte, uavhengig av stereotypiane som enno heng ved yrket. Studentane får dele ambisjonar og meiningar, i følge Bringsli.
– Vi veit at det er få menn i spesialfelt, som mellom anna helsesjukepleie og kreftsjukepleie. Helsesjukepleie er spesielt viktig for nå ut i skolehelsetenesta, og for å kunne snakke med gutar om seksuell helse og psykisk helse. I tillegg er kreftsjukepleiarar viktig i møte med pasientar med langvarig alvorleg sjukdom. Dette viser tilbakemeldingane frå mannlege pasientar – viktigheita av å kunne ha ein mann å diskutere «manneproblem» med, legg ho til.
Ole har også fått nasjonal merksemd frå mellom anna Likestilling og diskrimeringsombodet.
Overmoden
– I fjor arrangerte vi ei nasjonal nettverkssamling der det var stor einigheit om at OLE burde vere nasjonalt på alle høgskular og universitet som tilbyr helsefagutdanningar.
No håper Bringsli at også Mørebenken skal framsnakke OLE. Det er store nasjonale satsingar på å få jenter til å velge utradisjonelle yrke. Tida er no overmoden for ei nasjonal satsing på menn i helsefag.
I tillegg til møte med Mørebenken hadde delegasjonen også møte med Bente Lüdemann, fagsjef hos Norsk Syepleierforbund, som i følge Bringsli var svært imponert over arbeidet dei gjer.