Nettverk for lesekultur har hatt to lesesirklar om tekster av Hartmut Rosa. I dette blogginnlegget presenterer vi dei viktigaste idéane vi får ut av arbeidet hans og drøftar korleis dei kan vera relevante for å forstå og undersøkje lesekultur.
Rosa har røter i Frankfurtskulen. Han er kjend for å vidareutvikle den kritiske teorien etter tenkjarar som Adorno, Horkheimer og Habermas. Særleg har han markert seg med å lansere omgrepsparet akselerasjon og resonans.
Hartmut Rosas modernitetskritikk
Rosa meiner at alt i moderne samfunn går stadig fortare – teknologisk, sosialt og kulturelt. Denne akselerasjonen skaper ei oppleving av framandgjering og kontrolltap. Boka Resonance opnar med å skildre tendensen til å utsetja det viktige. Vi går i skulen som førebuing til høgre utdanning, vi tek høgre utdanning for å få ein godt betalt jobb – og vi jobbar for å kunna pensjonere oss i økonomisk tryggleik. Det eigentlege, meiningsfulle livet blir stadig forskyvd til eit seinare tidspunkt.
Samtidig er det stadig meir vi må rekkje, stadig fleire mål vi må nå, og stadig meir vi er forventa å vie merksemd. Tid blir ein knappheitsressurs som vi må optimalisere. Vi får assosiasjonar til Michael Endes barnebok Momo, eller kampen om tiden, som skildrar nettopp dette. Ved den eine lesesirkelen såg vi kortfilmen Rulletrappen, basert på ein teikneserie av Christopher Nielsen, som vi òg synest illustrerer poenget godt.
Røtene til denne framandgjeringa finn Rosa i utviklingstendensar som kjenneteiknar det seinmoderne samfunnet, særleg pengeøkonomi og naturvitskap. Båe felta reduserer verda til målbare einingar som kan studerast på avstand. Slik blir det skapt eit skilje mellom subjekt og objekt, og ei forventning om at dei to polane ikkje skal påverke kvarandre. Dette kallar han forstumming. Eit eksempel på dette er rovdrifta på naturen, som ligg til grunn for den pågåande klima- og naturkrisa. Vi har lenge trudd at vi kan gjera som vi vil med omverda, og blir fyrst no medvitne om at vi gjennom dette endrar på våre eigne livsvilkår.
Seinmoderniteten er dimed prega av det Rosa kallar dynamisk stabilisering, det vil seia at samfunnet vårt krev vekst og akselerasjon for å bevara status quo. Eit eksempel på dette er at ingen kan vinne val utan eit program basert på auke (fleire sjukehussenger, fleire studieplassar, meir pengar til militæret, …).
Mellom anna essayet The Uncontrollability of the World utdjupar det som blir eit paradoks i moderne vestleg kultur: Vi lengtar etter tilknyting, men forsøker samstundes å kontrollere verda. Rosa viser korleis ukontrollerbare fenomen – som atomkraft, eldreomsorg og miljøkrisa – utfordrar denne kontrolltrongen.
Relasjon og resonans
Som alternativ tek Rosa til orde for ein relasjonell ontologi. I dette ligg det eit syn på at alt blir til i samspel med noko anna, og at verda er eit spel av affektive relasjonar mellom organismar så vel som mellom landskap, miljø, ting og idéar. Vi merkar oss at Rosa med dette skil seg frå den klåre subjekt-/objektdikotomien hjå andre teoretikarar i Frankfurtskulen. Samtidig er han del av ein større tendens i humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking til å leggje til grunn ein relasjonell ontologi. Den same tenkinga finn vi på felt som postkritikk og posthumanisme, som fleire av nettverksmedlemene er opptekne av. Vi ser parallellar til eksempelvis Bruno Latour, Rita Felski og Rosi Braidotti.
Den relasjonen Rosa lanserer som ei motvekt til akselerasjon og framandgjering, kallar han resonans. I engelsk omsetjing definerer han dette som «a kind of relationship to the world, formed through afßfect and eàmotion, intrinsic interest, and perceived self-efficacy, in which subject and world are mutually affected and transformed» (Resonance, s. 174). Resonans handlar altså om å la seg bli påverka og å anerkjenne at ein sjølv påverkar verda rundt seg, på eit vis som er fundert i genuin interesse.
Vidare er det sentralt for Rosa at resonans ikkje handlar om å ta kontroll over verda. Resonantiske forhold inneber ei erkjenning av at den eller det andre aldri vil kunna kjennast fullt ut – og dimed at ein stiller seg open for å undre seg over, og respektere, det som er framandt.

Kunstens og pedagogikkens rolle
Rosa bruker mykje plass på å drøfte resonantiske forhold som kunst, særleg musikk, kan danne. For eksempel kan ei songtekst snakke til oss fordi ho hjelper oss å takle både glede og sorg – også det triste kan vera utgangspunkt for resonans. Samtidig vil den forståinga vi har av ei songtekst og det ho tyder for oss, aldri bli uttømmande for kva ho er og kan gjera. På dette punktet ser vi slektskap med andre «relasjonstenkarar», så som Gilles Deleuze. Også han er meir oppteken av kva litteratur gjer enn av kva han tyder.
Også skule og utdanning har ei potensielt viktig rolle som resonansrom. Måten han skriv om undervisning på, kan skapa assosiasjonar til tenkjarar som Gert Biesta, som har argumentert for lærarens virtuositet, og vi ser sambandspunkt med tenkjarar innanfor kritisk pedagogikk, så som Paulo Freire. Rosa meiner at læraren må ha eit engasjert og resonantisk forhold til fagstoffet. Vi opplever også sjølve i både undervisnings- og forskingssamanheng at relasjonar til studentar, fagstoff og andre aktørar ved universitetet kan få både «resonantisk» og «stum» karakter, alt ettersom.
I denne samanhengen snakka vi om at Rosa stiller oss overfor ein ny versjon av pedagogikkens demokratiske paradoks. Resonans er jo nettopp ikkje noko vi kan tvinge fram. Samtidig kan vi ikkje vente på at det oppstår av seg sjølv. Korleis kan elevar utdannast til fridom? Vi meiner dette paradokset aktualiserer behovet for å lære studentar å stå i det uføreseielege og å vera kreative og nysgjerrige.
Danningsperspektivet
I lesekultursamanheng er det relevant at kunst, inkludert litteratur, opnar for å relatere til det ukjende. Ein resonantisk relasjon kan oppstå. Resonanstenkinga kan også gje eit vidare perspektiv på kva kunnskap er enn det naturvitskaplege og positivistiske epistemologiar ofte legg til grunn.
Kunnskap handlar òg om ei breiare kulturell danning: Eit resonantisk møte med eit bilete i ei museumsutstilling eller ei litterær tekst i ein gjeven samanheng er del av eit større kulturelt-diskursivt-materielt nettverk. Rosa gjev oss dimed ammunisjon for å rette skytset mot instrumentaliseringa av utdanning og å framheve danningsdimensjonen av norskfaget.
Samtidig synest vi det er interessant at Rosa meiner det i nokre samanhengar er det nødvendig å «forstumme» verda. For eksempel må ein i forsking på eit operere med tydeleg definerte omgrep og felles forståingar av kva som skal undersøkjast og målast. Også på dette punktet slår det oss at Rosa bryt med tidlegare modernitetskritisk tenking vi assosierer med Frankfurtskulen. Vi les dette som at han ønskjer å minne oss om at logikkane som gjeld innanfor pengeøkonomi og naturvitskap er nødvendige på sine felt, men at det skadelege er at dei ukritisk blir innførte på andre felt – så som kunst og utdanning.
Kritiske refleksjonar
Samtidig som vi hadde lesesirklar, oppstod det ein debatt om verdien av å vera ein «langsam professor». Vi kan forstå lengten etter det langsame som eit uttrykk for nettopp eit behov for meir resonans. Likevel kan ein innvende det same overfor Rosa som det som enkelte har poengtert når det gjeld akademikarar: at dette representerer eit privilegert perspektiv. Det er nettopp vestlege middelklasseliv som er gjenstand for analysen til Rosa. I kva grad kan resonanstenking fungere for å forstå livet til bønder, som kanskje i større grad enn akademikarar er avhengige av rytmane i naturen?
Vi snakka også om den noko påfallande stilen Rosa nyttar. Fleire opplever prosjektet som pompøst og med undertonar av ein slags nyreligiøsitet. Også dei som er mest positivt innstilte til resonanstenking kan kjenne seg igjen her; når vi har lese Rosa, forstår vi plutseleg alt i ljos av resonans – eller mangel på det same.
Vi er einige i at resonansteori trass alt har sine avgrensingar og blinde flekker – som alle teoriar. Samtidig finn vi denne tenkinga særs nyttig for å framheve danningsdimensjonen i utdanning og særleg litteratur- og lesedidaktikk. Det er forfriskande at Rosa så uapologetisk er ute etter å skildre kva det gode livet og lukke er. Slik spenner han opp ein høgre himmel over det vi driv med i det daglege arbeidet med undervisning og forsking.
Refererte bøker av Hartmut Rosa
Resonance: A Sociology of Our Relationship to the World (Polity, 2016).
The Uncontrollability of the World (Polity, 2020).
Akselerasjon og resonans – artikler om livet i senmoderniteten (Gyldendal, 2024).