I eit nytt initiativ for å skape ein enda meir inkluderande og studentvenleg by, har Ålesund kommune og studentane i byen etablert ein ny samarbeidsplattform.
Målet er å fremme dialog, legge til rette for vekst, og sikre at stemmene til studentane blir høyrde i utviklinga av byen. Ordførar i Ålesund, Håkon Lykkebø Strand, ser fram til samarbeidet og understrekar betydinga av tett dialog.
– For å vere ein god universitetskommune må vi møte studentane og høyre kva dei er opptekne av, seier Strand.
Det første innleiande møtet mellom politisk leiing og studentane på NTNU vart gjennomført på NTNU i Ålesund tysdag denne veka.
Ein møteplass
Den nye dialogplattforma skal ikkje fungere som eit offentleg folkevalt organ, men som ein møteplass for å drøfte overordna tema som er viktige både for studentane og for utviklinga av byen. Dialogen vil særleg sette søkelys på seks hovudområde.
Henrik Braathen er leiar av studentparlamentet i Ålesund. Han var til stades under møtet og er opptatt av at kommunikasjonen mellom kommunen og studentane må bli enda betre.
– Gjennom betre samhandling og god kommunikasjon vil studentane sine behov i ein større grad ivaretakast. Samarbeidet mellom Sit (Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim), kommunehelsetenesta og andre helseaktørar er avgjerande for det samla tilbodet til studentane. Kanskje spesielt innan psykisk helse er det svært viktig at tilbydarane av helsetenester samarbeider effektivt, slik at tilbodet studentane får er meir målretta, forklarar Braathen.
For å vere ein god universitetskommune må vi møte studentane og høyre kva dei er opptekne av, Ordførar Håkon Lykkebø Strand
Ikkje fjern gratis buss
Han legg til at studentane sitt kollektivtilbod, som til dømes gratis buss i eit år ved melding om flytting, må oppretthaldast.
– Per i dag har studentane moglegheit til å få gratis busskort ved å melde flytting til Ålesund. Dette er no føreslått utfasa i det kommunale budsjettet. For oss var det ei viktig sak å ta opp med politisk leiing, då vi meiner dette gagner både studentar og kommunen. I tillegg har dette tilbodet har vore altfor dårleg marknadsført.
Folus på næringsliv og medverknad
Kommunen og NTNU i Ålesund vil gjennom det strategiske samarbeidsforumet arbeide for å følge opp Studentmeldinga og handlingsplanen. I tillegg til dei allereie etablerte dialogpunkta, vil samarbeidet styrke koplinga mellom studentar og næringslivet i regionen, samt legge til rette for aktiv studentmedverknad.
Ei satsing for framtida
Med dette initiativet markerer Ålesund eit viktig steg mot å bli ein meir inkluderande og dynamisk universitetsby.
– Vi ønsker å gjere Ålesund til ein attraktiv by for studentar både i studietida og etter fullført utdanning, seier ordførar Strand. Dialogmøta er venta å bidra til sterkare tilhøyrsle blant studentane, og ein berekraftig vekst for heile Ålesund-regionen.
Det neste dialogmøtet er allereie under planlegging, og både kommunen og studentrepresentantar ser fram til å utvikle samarbeidet vidare.