NTNUs litteraturpris 2023 til Carl Frode Tiller

Årets vinner av NTNUs litteraturpris er forfattar Carl Frode Tiller for romanen Flukt (2021). Pristildelinga og bokbad med vinnaren skjer tysdag 7. november, på Litteraturhuset i Trondheim.

Portrett av vinneren av NTNUs litteraturpris 2023: Carl Frode Tiller.
Foto: Trine Melhuus.

– Eg sat og streva med ein vrien passasje i ein ny roman då eg fekk beskjeden, og det losna straks samtalen var over. Eg trur nesten ein må vera forfattar sjølv for å forstå kor inspirerande slikt noko er, seier ein glad prisvinnar, Carl Frode Tiller.

– Det er stor stas å få NTNU’s litteraturpris etter å ha vore nominert saman med fleire strålande forfattarar, seier prisvinnaren.

Tillers vinnarroman Flukt skildrar forholdet mellom dei levande og døde og strekk seg eit stykkje utover det vi til vanleg oppfattar som realisme.

Flukt er ein roman om kommunikasjon som går i oppløysing, mellommenneskelege relasjonar og familieintrigar, fortel juryleiar Karolina Drozdowska, som er førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur, NTNU.

Ho meiner det er trygt å seie at Flukt stadfestar Tillers store internasjonale gjennombrot som forfattar i verdsklasse.

Romanen Flukt (Aschehoug, 2021) var i godt selskap på kortlista: det var til saman fem verk av høg litterær verdi som var nominert til NTNUs litteraturpris 2023.  

Klassiske motiv i ukonvensjonell romanform

I juryens grunngjeving heiter det blant anna:

«Å skape eit litterært verk som speler på dei mest klassiske motiva i kulturhistoria, samtidig som det utfordrar den konvensjonelle romanforma på ein så dristig, men samtidig litterært elegant måte, er ein stor prestasjon. Flukt er ei suveren bok om eksistensiell smerte kvar av oss kjenner på. Ei forteljing om sårbarheit, fortviling og den desperate trongen til kjærleik og anerkjenning som den universelle menneskelege erfaringa.»

Målet med NTNUs litteraturpris er å synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til Trøndelag. Prisen går til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til regionen.

Carl Frode Tiller (f. 1970) bur i Trondheim. Han debuterte som forfattar i 2001 med romanen Skråninga, som han blant anna fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lytteranes romanpris for, og som blei nominert til Brageprisen. Tiller har gitt ut fleire kritikarroste romanar og vunne fleire prisar.  I tillegg har Tiller skrive blant anna teaterstykke, noveller og kortprosa for ulike aviser, tidsskrift og antologiar. Carl Frode Tillers romanar er selde til 19 land, seinast Spania og USA.

Tildelinga av NTNUs litteraturpris skjer tysdag 7. november kl. 19:00 på Litteraturhuset i Trondheim. Anne Kristine Børresen, dekan ved Det humanistiske fakultetet deler ut prisen, før ein samtale mellom prisvinnaren Carl Frode Tiller og juryleiar Karolina Drozdowska.

Juryen sin grunngjeving

Familierelasjonar, død og sorg er kanskje nokre av dei mest klassiske motiva som blir tekne opp av skjønnlitteratur, og ein skulle kanskje tru at det er vanskeleg å snakke om dei på ein original eller nyskapande måte. Men Flukt av Carl Frode Tiller er ein roman som overraskar og utfordrar lesaren. Boka tek utgangspunkt i ganske konvensjonelle premissar: Elisabet og Sakarias har mista barnet sitt, Johannes. Sorga over han har komme mellom dei, og dei skal vere den første jula åleine. Men så byrjar det å skje noko uvanleg, både med sjølve forteljinga og korleis ho blir fortald. Plutseleg blir ein usikker på kven si stemme ein høyrer.

I forlaget si omtale av romanen heiter det at «Flukt […] strekk seg eit stykke utover det me til vanleg oppfattar som realisme». Denne setninga lovar mykje, og Tillers roman klarer å oppfylle dette løftet. Ved å manipulere forteljarstemmer og -perspektiv, og dessutan rommet og tida i romanen, skaper forfattaren ei stemning som framandgjer, liksom i ein draum, slik at det magiske begynner å sive inn i den elles realistiske forteljinga. Lesaren kan la seg forvirre av det grepet, men det er også dette som er poenget til romanen – for sorg og fortviling kan skape forvirring og framandgjering.

I Flukt får vi eit innblikk i forholda mellom dei levande og dei døde, der også dei som har gått bort får si eiga stemme og sitt eige narrativ. Denne polyfone effekten fører lesaren nærare det umoglege svaret på dei evige spørsmåla: Kven er vi i møte med døden? Kva skjer med ein familie når eit barn plutseleg døyr? Er to menneske i stand til å finna nok kjærleik i seg sjølv og kvarandre til å vera saman etter eit tap som tvingar dei til å definere livet på nytt?

Flukt er ein roman om kommunikasjon som går i oppløysing, mellommenneskelege relasjonar og familieintrigar. Dette skriv Tiller meisterleg om i bok etter bok, noko som gjer Flukt til ein del av det store litterære prosjektet til forfattaren.

Å skape eit litterært verk som speler på dei mest klassiske motiva i kulturhistoria, samtidig som det utfordrar den konvensjonelle romanforma på ein så dristig, men samtidig litterært elegant måte, er ein stor prestasjon. Flukt er ei suveren bok om eksistensiell smerte kvar av oss kjenner på. Ei forteljing om sårbarheit, fortviling og den desperate trongen til kjærleik og anerkjenning som den universelle menneskelege erfaringa.

Samtidig utfordrar verket grensene for det vi vanlegvis forstår som ein moderne roman, noko som gjer Flukt til eit eineståande fenomen på den norske bokmarknaden dei siste åra.
Det er trygt å seie at Flukt stadfestar Tillers store internasjonale gjennombrot som forfattar av verdsklasse.

Meir om forfattar Carl Frode Tiller

Carl Frode Tiller (f. 1970, Namsos) er utdanna historikar ved NTNU. Han debuterte som forfattar i 2001 med romanen Skråninga, som han mellom anna fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lyttaranes romanpris for, og som vart nominert til Brageprisen. I 2003 kom romanen Bipersonar.

For sin tredje roman, Innsirkling (2007), har Tiller fått Brageprisen 2007, Kritikerprisen 2008 og Gyldendals Sultprisen 2008. Boka var dessutan innstilt til Nordisk råds litteraturpris. For same bok har han også fått EUs litteraturpris, European Union Prize for Literature, som vart delt ut for første gong i september 2009. Innsirkling er også blitt teater og var sett opp på Det Norske Teatret vinteren 2011. Romanen har fått fortsetjinga si i Innsirkling 2 (2010), som også har fått fantastiske meldingar, har vunne P2-lyttaranes romanpris, var nominert til Bokhandlerprisen og Kritikerprisen og til Nordisk råds litteraturpris. Innsirkling 3 (2014) er også kritikerrost og var nominert til Bokhandlerprisen. I 2017 kom romanen Begynnelser. I 2020 fekk Tiller Doblougprisen.

Flukt (2021) er vinner av Ungdommens kritikarpris 2022 og er nominert til Bokhandlerprisen.

Carl Frode Tiller har blitt kåra til ein av dei ti beste forfattarane i landet under 35 år (Morgenbladet 2005), og Skråninga blei kåra til ein av vår tids beste bøker (Dagbladet 2006). Forfattaren har også skrive manus til Skråninga (Det Norske Teatret, 2004) og til teaterstykka Folkehelsa (Trøndelag Teater, 2007), og Kven er redd (Det Norske Teatret, 2015). I tillegg har Tiller skrive noveller og kortprosa for ulike aviser, tidsskrift og antologiar. Carl Frode Tillers romanar er selde til 19 land, seinast Spania og USA.

Meir om NTNUs litteraturpris

NTNUs litteraturpris har som mål å synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til Trøndelag, og prisen blir i år delt ut for sjuande gong.

Over femti verk blei vurdert av juryen og fem bøker blei nominert. Dei andre fire som kom vidare til finalen, var Kari Anne Bye med diktsamlinga Eg bur her no, Mariam Rasouli med Blomsten og trollet, Kristin Ribe med Aktivasjon. Handlekraftig vital ENERGI i håp om å få til et møte med ALIENS og Michael Stilson med ungdomsromanen Kampfikseren.

Prisen går til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til regionen, og vekselvis til skjønn- og faglitteratur. I 2023 er det skjønnlitteratur som står for tur. Originalitet og individuelt særpreg står sentralt i kvalitetsvurderinga til juryen.

Juryen for NTNUs litteraturpris 2023 har vært: Juryleiar Karolina Drozdowska, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur, NTNU, Siri Aurland Bredesen, avdelingsleiar Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, Henrik Aasgaard Sortland, masterstudent ved Institutt for språk og litteratur, NTNU og Aja Bugge, programsjef og Trond Åm, dagleg leiar, begge ved Litteraturhuset i Trondheim.

Forutan heider og ære kjem 20.000 kroner med prisen.

Sjå oversikt over tidlegare vinnare her