Fem nominerte til NTNUs litteraturpris 2023

Kortlista for dei nominerte til NTNUs årlege litteraturpris er klar. I år går prisen til ei skjønnlitterær bok og det er fem verk av høg litterær kvalitet som er nominert. Prisvinnaren blir offentleggjort fredag 20. oktober.

Dei nominerte til NTNUs litteraturpris 2023: Carl Frode Tiller, Mariam Rasouli, Kari Anne Bye, Michael Stilson og Kristin Ribe.
Dei nominerte til NTNUs litteraturpris 2023: Carl Frode Tiller, Mariam Rasouli, Kari Anne Bye, Michael Stilson og Kristin Ribe.

– Det er spennande å sjå kor mykje kvalitetslitteratur i ulike sjangrar som kjem frå forfattarar med tilknyting til Trøndelagsregionen! Dei fem bøkene på kortlista har fortent sin plass og alle med interesse for moderne norsk litteratur bør lese dei, meiner juryleiar Karolina Drozdowska.

NTNU deler årleg ut ein litteraturpris for å synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til Trøndelag.

Prisen går til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til regionen, og vekselvis til skjønns- og faglitteratur. I 2023 er det skjønnlitteratur som står for tur.

Dei nominerte er:

  • Eg bur her no: dikt av Kari Anne Bye
  • Blomsten og trollet av Mariam Rasouli
  • Aktivasjon. Handlekraftig vital ENERGI i håp om å få til et møte med ALIENS av Kristin Ribe
  • Kampfikseren av Michael Stilson
  • Flukt av Carl Frode Tiller

Kven som vinn blir kjent fredag 20. oktober. Du kan møte vinnaren av NTNUs litteraturpris 2023 i samtale med juryleiar Karolina Drozdowska under tildelinga av prisen tysdag 7. november, på Litteraturhuset i Trondheim.

Fem sterke verk om store tema

– Vi er glade for å kunne presentere ei kortliste med fem sterke titlar, som på kvar sin måte handlar om universelle menneskelege erfaringar, som sorg, kjærleik, vennskap, lojalitet og fridom, fortel årets juryleiar, Karolina Drozdowska, som er førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur, NTNU. Ho ser ein tematisk raud tråd i de fem bøkene, trass stor variasjon i emne og sjanger.

Originalitet og individuelt særpreg står sentralt i kvalitetsvurderinga til juryen, som består av representantar for NTNU, Litteraturhuset i Trondheim og Norsk Forfattersentrum Midt-Norge.

– Dei nominerte er ein ungdomsroman om ein ambisiøs fotballspelar, ei diktsamling om forelsking i ei digital tid, ein fragmentarisk roman om aliens, røyndomslitteratur med ei afghansk kvinne som hovudperson, og ei forteljing om forholda mellom dei levande og dei døde. Alle bøkene har noko felles ved at de på ulike måtar skildrar utfordringar i tilværet i vår tid, og dei tematiserer einsemd og utanforskap som sentrale eksistensielle opplevingar, seier Drozdowska, som er imponert over utvalet av bøker juryen vurderte.

Kvar vår blir publikum invitert til å foreslå kandidatar til prisen, og i tillegg nominerer juryen sjølv. Etter å ha diskutert og vurdert over 50 bøker har juryen komme fram til ei kortlista.

Dei nominerte bøkene

Eg bur her no
Kari Anne Bye, Samlaget (2021)

Ei kvinne i trettiåra treffer ein mann på Tinder og tar steget inn i eit forhold. Mannen er bra på så mange vis, men korleis kan ho vite at ho har funne den rette? Ho har sett kjærleiken døy før, og blir redd. Skal det vere dei to resten av livet? Heldigvis treng dei ikkje flytte saman med ein gong, eller, det vil seie, ikkje før leilegheita hennar flaumar over av vatn, og det gjer ho naturlegvis.

Eg bur her no er ei bok om kjærleik og tvil, om kor vanskeleg det kan vere å ta imot det gode, enda kor mykje ein har ønska seg det.

Kari Anne Bye (f. 1983) er frå Trondheim. Ho har bakgrunn frå drama og teater og er utdanna historikar frå NTNU. Bye debuterte i 2020 med diktsamlinga Eg et før eg kjem.

Blomsten og trollet
Mariam Rasouli, Communicatio Forlag AS, 2021

Romanen utspeler seg i Afghanistan under sovjetisk okkupasjon, borgarkrig og etter at Taliban tok makta og regjerte med hard hand frå 1996 og frem til hausten 2001, da amerikanske styrker angrep landet etter al Qaidas terroraksjon mot World Trade Center i New York 11. september same år.
Vi følgjer hovudpersonen Fatima, frå ho er ei lita jente til ho som ung kvinne og for lengst mor, blir forvist av den langt eldre ektemannen, og må flykte ut av landet dagen etter at tvillingtårna i New York falt. Ein fleirårig og dramatisk flukt ender til slutt i Noreg.

Den skakande historia i romanen er fortald frå synsvinkelen til ei kvinne, der verda er innramma av både huset sine fire veggar, og dei fysiske, kulturelle og religiøse murane som sperrar kvinner inne frå livet utanfor.

Mariam Rasouli (f. 1978) er frå Herat i det vestlege Afghanistan, og kom til Noreg som flyktning i 2003. Ho er i dag miljøarbeidar i et kommunalt bufellesskap for unge, einslege flyktningar og asylsøkarar i Trondheim. Blomsten og trollet er hennar debutroman.

Aktivasjon. Handlekraftig vital ENERGI i håp om å få til et møte med ALIENS
Kristin Ribe, Forlaget Oktober, 2021

Aktivasjon. Handlekraftig vital ENERGI i håp om å få til et møte med ALIENS er ein roman om sorg og om å ha blitt forlaten og om å vere så aleine at det kanskje berre finst aliens igjen. Samtidig er det ein roman fylt av stort overskot, humor, viltre tankesprang og fantastiske assosiasjonar. Det handlar om det vågale i å vera i verda, og å seia noko i verda.

Forfattaren Kristin er midt i ei djup krise. To personar som stod henne nær har blitt borte frå livet hennar. Lamminga ho opplever vekslar med iherdige forsøk på energiutfalding og aktiv handling. For Kristin er lister, reglar og tal tvingande nødvendige for ikkje å gå til grunne i sorga, saman med ein glødande fascinasjon for utanomjordisk liv.

Kristin Ribe (f. 1972) bur i Trondheim og debuterte i 2003 med Forsnakkelser. I 2010 kom hennar fjerde roman Syn, som Ribe fekk Bokhandelens forfattarstipend for. I 2012 var ho fylkeskunstnar i Sør-Trøndelag.

Kampfikseren
Michael Stilson, Cappelen Damm AS (2021)

Ein actionfylt ungdomsroman om livet som fotballproff og siste bok i trilogien om fotballproffen Fredrik Markussen. Fredrik frå Bare spille ball og Alene gjennom lever ut proffdraumen i Tyskland. Det står att to kampar av sesongen og alt ligg til rette for at framtida til Fredrik er lysande. Men agenten Marko pressar på for at Fredrik utfører siste ledd i ein plan som vil få store konsekvensar. Det står om store kontraktar og mykje pengar i internasjonal fotball og Fredrik må ta nokon avgjerande val. Fikser han den siste kampen?

Michael Stilson (f. 1987) er frå Trondheim. Han er tidlegare profesjonell fotballspelar og er utdanna lærar. Han har jobba for NRK, med blant anna dramaserien Heimebane og minidokumentaren Stilson på benken. For Bare spille ball (2018) vann Stilson Trollkrittet og Uprisen (2019).

Flukt
Carl Frode Tiller, Aschehoug, 2021

Det er julaftan. Elisabet og Sakarias har vore ved grava, sett lys, børsta snø av steinen – så køyrer han ho heim. Dei skal vere kvar for seg denne første jula utan sonen. Sorga over han har kome mellom dei. Dei har skilt lag. Men så blir det likevel til at dei er saman julaftan. Elisabet sett seg til pianoet og speler eit stykke sonen deira likte godt. Det skal kome til å bli ei heilt spesiell julenatt for dei begge.

Romanen Flukt skildrar forholdet mellom dei levande og døde og strekk seg eit stykkje utover det vi til vanleg oppfattar som realisme.

Carl Frode Tiller (f. 1970) bur i Trondheim og er utdanna historikar. Han debuterte som forfattar i 2001 med romanen Skråninga, som han blant anna fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lytteranes romanpris for, og som blei nominert til Brageprisen.

Årets jury

Juryen for NTNUs litteraturpris 2023 har vært: Juryleiar Karolina Drozdowska, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur, NTNU, Siri Aurland Bredesen, avdelingsleiar Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, Henrik Aasgaard Sortland, masterstudent ved Institutt for språk og litteratur, NTNU og Aja Bugge, programsjef og Trond Åm, dagleg leiar, begge ved Litteraturhuset i Trondheim.

NTNUs litteraturpris på kr 20 000 går kvart år til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til regionen, vekselvis til skjønn- og faglitteratur.

Sjå oversikt over tidlegare vinnare her

Pristildeling og bokbad med vinnaren

Tildelinga av NTNUs litteraturpris skjer tysdag 7. november kl. 19, på Litteraturhuset i Trondheim. Anne Kristine Børresen, dekan ved Det humanistiske fakultetet deler ut prisen, før ein samtale mellom prisvinnaren og juryleiar Karolina Drozdowska. Arrangementet er opent for alle.