Campussamling gir nytt og omfattande kunstprosjekt på NTNU

I samanheng med campussamlingsprosjektet har KORO ansvar for eit nytt og omfattande kunstprosjekt. Eit team på tre skal jobbe saman som ei kuratorgruppe.

Bilde av dei tre kuratorene.
Foto av kuratorane: Alexander Eriksson Furunes, Thora Dolven Balke og Marit Kristine Lykken Flåtter. Foto: Susanne Jamtøy / KORO

Arbeidet med campussamlinga er godt i gang og meir enn 8000 studentar og 1300 tilsette kjem til å ha sin kvardag på Gløshaugen når den nye campusen etter planen skal vere ferdig i 2030.

I samband med campussamlingsprosjektet har KORO lyst ut eit kuratoroppdrag som er eit av dei største og lengste oppdraga ved sidan av nytt regjeringskvartal. KORO er statens fagorgan for kunst i offentlige rom og er organisert som en statlig etat under Kulturdepartementet.

Lokal tilknytning

Kuratoroppdraget vart lyst ut i desember 2023, og det er Thora Dolven Balke, Marit Kristine Lykken Flåtter og Alexander Eriksson Furunes som skal jobbe saman som ei kuratorgruppe. Prosjektansvarleg frå KORO er Trond Hugo Haugen.

Samla har dei tre kuratorane som har ulik bakgrunn, brei erfaring med planlegging og gjennomføring av  store og komplekse kunstprosjekt i offentlege rom og innanfor ulike institusjonar. I tillegg har gruppa ein sterk lokal tilknyting til Trondheim.

Dei tre kuratorane jobber saman i eit team med representantar fra både Statsbygg og NTNU for å utvikle kunstprogrammet for NTNU, der blant anna Kristin Aasbø fra Statsbygg og Tor Einar Fagerland fra Enhet for campussamling, NTNU, er med. Kuratorteamet si hovudoppgåve er i fyste omgang å velje kunstnarar og å utvikle eit kunstprogram. Vidare skal dei utarbeide ein kunststrategi og etter kvart skrive kunstplanar.

Campusamling si nettside vil bli oppdatert med relevant informasjon etter kvart som prosjekta blir realiserte.

Om fellesskap og kunsten si rolle i NTNU

Alexander Eriksson Furunes kjem inn i prosjektet med ei interesse for og erfaring med relasjonelle kunstprosjekt som har handla om å skape moglegheitsrom, møter og samarbeid. Han har ei postdoktorstilling i kunstnarisk utviklingsarbeid ved Institutt for arkitektur og planlegging, Fakultet for arkitektur og design.

– Eg har vore knytt til NTNU gjennom heile utdanninga og jobbar no med kunstnarisk utviklingsarbeid, som er ei satsing ved universitetet.  Kunnskap blir skapt gjennom praksis og formidla gjennom det mediet som kunstnaren jobbar med. Denne kompetansen ser eg fram til å ta med meg inn i prosjektet. Eg gler meg til å jobbe vidare med dette, seier Eriksson Furunes.

– Det er godt å vere i gang med ein første fase der me berre skal lytte og lære. Kunsten på NTNU står i eit samspel  med heile institusjonen. Det kjennest viktig å bruke denne oppstartsfasen til å samle kunnskap, seier Thora Dolven Balke, som er utdanna biletkunstnar og har ein allsidig praksis som kurator.

– Å vere student er å tenke på framtida, og NTNU Campussamlinga er eit langsiktig prosjekt, som ikkje berre skal virke fram mot opninga i 2030. Det er perspektiv i dette arbeidet som går  ut over vår eige levetid, seier Dolven Balke.

Marit Lykken Flåtter er biletkunstnar, kurator, skribent og redaktør, seier at arbeidet med kunst til NTNU Campussamlinga er inspirerande av fleire grunnar. Det mest opplagte er det kunstnariske:

– Det å bidra til avgjerdene om ny kunst til denne staden saman med Thora og Alexander, ser eg på som eit viktig arbeid og ein unik moglegheit. Den andre årsaka  er meir personleg. Eg budde mellom anna i «Kråkeslottet»,  sveitsarvillaen på Grensen like ved hovudbygningen, då eg var student på byrjinga av 2000-talet. Eg har fine minner frå denne tida, seier Lykken Flåtter.

For kuratorane har omgrepet fellesskap vore viktig i oppstartsfasen. Det er eitt av dei nye satsingsområda ved NTNU og eit omgrep som er svært aktuelt i den tida vi er i no. Kva er kunstens rolle i ein stor institusjon som NTNU, og kva er dei romma og relasjonane som på godt og vondt skaper ulike former for fellesskap, spør kuratorteamet.

Heile Gløshaugen som område for kunst

Prosjektansvarleg frå KORO er Trond Hugo Haugen, seniorrådgjevar i kunstseksjonen. Han kjem til å ha eit overordna ansvar for framdrifta og skal på ulike måtar legge til rette arbeidet for kuratorane, i tillegg til å vere ein rådgjevar og samtalepartnar.

Haugen er utdanna biletkunstnar og har lang erfaring som kunstkonsulent og kurator i KORO-prosjekt, mellom anna NMBU Campus Ås der kunsten famnar om heile universitetsområdet. Han har òg leia kunstprogrammet Vågestykke for Høgskulen på Vestlandet, som involverte både skulen, nabolaget og byen.

– Det er særleg erfaringa med desse to prosjekta eg tek med meg vidare i arbeidet med NTNU, seier Haugen, og seier at både Campus Ås og Vågestykke kan samanliknast med NTNU Campussamling, fordi heile Gløshaugen kan vere område for kunst.

– Forventninga om tverrfaglege forbindelsar og samspel mellom universitetet og byen elles er noko vi kjem til å ta på alvor. Offentleg kunst skal ikkje lenger berre vere integrerte i bygga eller konkrete kunstverk som ein betraktar på avstand. Det kan også vere midlertidige, relasjonelle og mellommenneskelege uttrykk, seier Haugen.

Meir om dei tre kuratorane

Thora Dolven Balke er utdanna biletkunstar. Som kurator har ho ei allsidig praksis, mellom anna for det kunstnardrivne visingsrommet Rekord, Ho er òg kurator for LIAF – Lofoten International Art Festival i 2011, og ho har solid bakgrunn som kurator for fire prosjekt i KORO, det siste var Agder Kunstakademi, for Agder fengsel.

Marit K. Lykken Flåtter er biletkunstnar, kurator, skribent og redaktør. Ho er knytt til tidsskriftet ArtScene Trondheim, som ho òg var med på å etablere. Ho har gjort fleire kuratoroppdrag for Trondheim kommune og vore fagredaktør for utgivinga «Trondheim kommunes kunstordning» som kom i 2023. Flåtter er frå før engasjert som kurator for KORO i to pågåande kunstprosjekt i Trondheim, NTNU Helgasetr som skal stå ferdig hausten 2024 og Norsk Havteknologisenter NTNU og Sintef. Ho kan dermed sjå campussamlinga i ein større heilskap og dialogen med kunstmiljøet, universitetet og kommunen er allereie etablert.

Alexander Eriksson Furunes er utdanna arkitekt frå NTNU, har doktorgrad i kunstnarisk utviklingsarbeid frå same stad, og er no tilsett som postdoktor ved Fakultet for arkitektur og design. Eriksson Furunes arbeidar stadspesifikt med midlertidige og permanente kunstprosjekt. Eriksson Furunes har nyleg avslutta eit langvarig samarbeid knytt til Agder Kunstakademi i Agder fengsel, der han mellom anna laga Horigatsu flytande møbel, ein ny arkitektur for kunstakademiets klasserom i Froland. Møbelet vart teikna og laga i samarbeid med studentane og treverkstaden i fengselet.