– Samarbeidet er alt godt etablert, fortel Henrique Gaspar som er professor på Institutt for havoperasjonar og sivilteknikk. Gaspar skal ta hand om koordineringsrolla knytt til avtalen frå NTNU si side. Tilsvarande rolle frå National Maritime Research Institute (NMRI) i Japan har doktor Yasuo Ichinose, sjefsforskar ved avdelinga for fluidteknikk og skrogdesign ved instituttet. Ichinoseavsluttar i desse dagar det fyrste svært vellukka forskingsopphaldet ved NTNU i Ålesund.
– Siste vekene har vore intensive med produksjon av felles vitskaplege artiklar og forskingsaktivitetar om digitalisering av den maritime industrien, fortel Henrique Gaspar.
– Samarbeidet vårt har fått ei tidsramme på fem år. Vi har alt publisert arbeid innan maskinlæring for maritime applikasjonar og teknologiar for virtuelle sjøprøvar. Aktivitetar som felles rettleiing av doktorgradsstudentar og utveksling av forskarar er også planlagt for det komande året, seier han.
NMRI og NTNU har alt starta samarbeid innan maritim og oseanteknologi gjennom aktivitetar som utveksling av forskarar. No er ein formell samarbeidsavtale signert. Dette er ein avtale som begge partar har klare forventningar til.
– Gjennom samarbeidet ynskjer forskingsinstituttet og universitetet ein meir effektiv bruk av forskingsressursar og gjensidig nytte av resultat. Det vil i sin tur føre til at nye forskingstema vert skapt. Det blir auke i tempoet på aktuell forsking, samt ei betre spreiing av resultata av forskinga som blir utført, seier Gaspar.