– Det er gitt 1372 tilbod om studieplass ved grunnstudiane til NTNU i Ålesund gjennom systemet til Samordna Opptak. Vi ser at søknadane til spesielt ingeniørstudiane våre held seg populære og med høge poenggrense på fleire program, seier viserektor Anne-Lise Sagen Major ved NTNU i Ålesund.
Innan Nautikk, Shipping Management og Ingeniør i fornybar energi låg krava på over 50 poeng, kvar for seg 52,1, 51,7 og 51,2. Ikkje uventa var poenggrensa på høge 68,2 på studieprogrammet i Medisin i Ålesund som var nytt i fjor. Der er det også flest – 660 søkarar – på venteliste etter ordinært opptak. 20 studentar har fått plass. Det spesielle med dette studie er at desse skal starte sine to fyrste år i Trondheim i haust. før dei held fram dei siste tre åra her i Ålesund.
Det vart lagt ut ledige studieplassar innan sjukepleie i Ålesund og desse er fylt opp, med atterhald om at søkjarane er kvalifiserte. Alle toårige masterstudium ved NTNU i Ålesund er fylt opp. Der har masterprogrammet Helsesjukepleie lengst venteliste med 241 søkarar.
– Det står enno att å sjå kor mange av søkarane som er kvalifiserte.
NTNU er eit breiddeuniversitet, og i Ålesund er det spesielt fokus på tverrfagleg samarbeid innan hav, handel og helse. Studiestart med immatrikuleringa er sett til måndag den 12. august. Då blir det høgtideleg velkomst her ved NTNU i Ålesund, i Gjøvik og i Trondheim. På campus i Ålesund førebur eksisterande studentar med sine to fadderleiarar og alle studentorganisasjonane i spissen eit godt mottak.
– Hovudmålet framover er at flest mogleg skal kjenne seg inkludert, både i klassane, på tvers av studiane og i byen. Eit godt studentmiljø er svært viktig både for oss og universitetsbyen Ålesund, seier viserektor Anne-Lise Sagen Major.