NTNUS litteraturpris 2024 for Moria

Foto Guro Kulseth Meråkerås og Katrin Glatz Brubakk foto Prud Camilla S. Moe Prud

Katrin Glatz Brubakk og Guro Kulset Merakerås vinn årets litteraturpris for Moria – På innsiden av Europas største flyktningeleir (2023).

Forfattarane tar oss med inn i flyktningeleiren Moria på Lésvos og gir oss innsikt i eit av dei mest dramatiske kapitla i Europas nyare historie. Det er ei bok om korleis dei store politiske systema sviktar dei svakaste, og på denne måten kan oppfattast som ei utfordring retta mot dei norske og europeiske styresmaktene, heiter det blant anna i  juryens grunngjeving.

Moria – en augeopnar

– Dette er eit sakprosaverk som får oss til å rette blikket mot tragediar som skjer rundt oss i verda, sjølv om vi ofte har lyst til å sjå bort og leve vårt trygge privilegerte liv i det trygge privilegerte landet vårt. Moria – På innsiden av Europas største flyktningleir får oss til å sjå, forstå, og ta ansvar. I dag treng vi slike bøker meir enn nokon gong før, seier juryleiar Karolina Drozdowska.

Moria baserer seg på Katrin Glatz Brubakks tolv opphald i leiren og møta med menneske ho har treft der. Forteljinga vekslar mellom engasjerande og gripande skildringar av individuelle lagnader og meir generelle psykologiske refleksjonar, noko som gjer det lettare for lesarane å forstå personane sine opplevingar, erfaringar og motivasjonar. Det er nettopp denne elegante, overbevisande vekslinga mellom det individuelle og det kollektive, mellom forteljingar om enkeltmenneske og allmenne menneskelege erfaringar, som blir trekt fram som hovudstyrken i dette verket, slår juryen fast.

Den gjeve prisen mottok fortatterane på Litteraturhuset i Trondheim, i et arrangement i regi av Basta – Sakprosafesivalen i Trondheim. Det var dekan ved Det humanistiske fakultet, Anne Kristine Børresen, som stod for tildelingen.

Moria var i godt selskap på kortlista. Over 40 verk blei vurdert av juryen og fem bøker blei nominert: Det var fem sterke kandidatar til NTNUs litteraturpris 2024

NTNUs litteraturpris

NTNUs litteraturpris har som mål å synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til Trøndelag, og prisen blir i år delt ut for åttande gong. NTNUs litteraturpris går til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til regionen, og vekselvis til skjønns- og faglitteratur. I 2024 er det altså sakprosa som sin tur. Forutan heider og ære kjem 20.000 kroner med prisen.

Sjå oversikt over tidlegare vinnare her

Stikkord: institutt for språk og litteraturLitteraturpris

Meir om Moria

Katrin Glatz Brubakk og Guro Kulset Merakerås fortel for første gong heile historia om Moria leiren, samtidig som dei tek eit steg tilbake og løftar psykologiske, politiske og historiske perspektiv som set historiene til enkeltmenneske i ein større samanheng.

Sidan flyktningsapparatet i Europa kollapsa i 2015 har flyktningleiren Moria vore med i det norske og europeiske nyheitsbiletet, samtidig som pressedekkinga har vore noko ufullstendig og fragmentert. I boka, Moria – på innsiden av Europas største flyktningleir, gir Katrin Glatz Brubakk og Guro Kulset Merakerås oss for første gong eit fullstendig bilete av Moria. Det seier juryen i sin grunngjeving.

Meir om forfattarane

Katrin Glatz Brubakk (f. 1970) er barnepsykolog med spesialisering innan traume. Ho arbeider som universitetslektor ved NTNU og er ein erfaren feltarbeidar for Leger Uten Grenser. Ho er ein av landets mest profilerte forkjemparar for flyktningars rettar og har mellom anna stått i spissen for den nasjonale kampanjen «Evakuer barna frå Moria – NO!» og Moriabevegelsen.

Guro Kulset Merakerås (f. 1976) er journalist, forskningsformidlar og forfatter.  Ho skreiv si første sakprosabok i 2011 og debuterte internasjonalt i 2024. Samme år kom hennar fjerde bok på norsk: Jeg er Mariam. En fortelling om frihet.  Kulset Merakerås er språkutdanna frå NTNU, med hovudfag i tysk litteratur.

Årets jury

Juryen for NTNUs litteraturpris 2024 er: Juryleiar Karolina Drozdowska, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, Siri Aurland Bredesen, avdelingsleiar hos Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, Nora Berg Markussen, ph.d.-stipendiat ved NTNU, Arve Hjelset, Professor Institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU og Aja Bugge, dagleg leiar ved Litteraturhuset i Trondheim.

Kontakt

Har du spørsmål om årets litteraturpris? Kontakt: Juryleder Karolina Drozdowska