Stipendiat Johan Kulin frå NTNU monitorerer bølgene utanfor Ålesund med mål om meir forutsigbar seilas for ulike fartøy. Kanskje kan passasjerbåten i Borgundfjorden bli autonom, ha fleire avgangar, og bli den føretrekka reisemåten på strekninga Ålesund sentrum – Langevåg.
– Vi set ut avanserte bøyer som skal gjere ei monitorering. For augneblinken har vi ei i Hessafjorden like attmed der «Langevågsbåten» køyrer, medan den andre er plassert i Valderhaugfjorden.
Maritim kollektivtransport
Gjennom moglegheitsstudien «Smartare Transport» der Møre og Romsdal fylkeskommune er prosjekteigar, medverkar Kulin med å sjå på løysingar for maritim kollektivtransport. Han sin del i prosjektet er miljøforhold i fjordane rundt Ålesund, og sikring av framdrift for båt. Difor utvikast no ein lokal prognosemodell i Ålesund gjennom overvaking av bølger.
– Bøyene registrerer måledata om bølgeforhold i hamneområde inn til Ålesund, forklarar forskeren. – Ein veit at det kan komme store bølger frå havet inn i Breisundet og Sulafjorden, som så leiar vidare inn i Hessafjorden og Borgundfjorden.
Kan få meir forutsigbare forhold på sjøen
Alt dette påverker traséen til Langevågsbåten, noko som gjer områda interessante å monitorere. Med hjelp av målingane reknar prosjektet med å kunne gje ei meir nøyaktig prognose for seglingsforhald, slik at den som styrer fartøyet kan gjere overfarta både tryggare og meir effektiv.
Bøyene er utstyrt med bevegelsessensorar som gjer det mogleg å måle bølgehøgde, periode, retning og andre parameter for bølger. I tillegg er bøyene små, noko som gjer det lett å flytte dei rundt.
– Det er ikkje nødvendigvis berre for «Langevågsbåten» at denne metoden kan komme til nytte, trur Kulin. – Bølger påverkar alle typer sjøbasert aktivitet, så eg håper at arbeidet mitt kan bidra i andre næringer som fiskeoppdrett, kystinfrastruktur, eller annan båttrafikk.
Bølgene minutt for minutt
Dataane sendast i sanntid til ei nettside. Denne er open for alle som er interessert i å sjå korleis bølgeforholda rundt Ålesund er til ei kvar tid