Digital tvilling sikrar drikkevatnet i framtida

Kva tåler ei drikkevasskjelde? Og kva tåler vi som skal drikke av vatnet? NTNU og Ålesund kommune er i gang med forskingsprosjektet DigiWater som skal vere med på å gi svar. Råvasskjelda Brusdalsvatnet er forskningsobjektet.

Representanter Ålesund kommune og NTNU
Bjørn Skulstad, avdelingsleiar vassforsyning, Ålesund kommune, professor i vatn- og miljøteknikk ved Institutt for havromsoperasjon og byggteknikk, Razak Seidu og kommunalsjef Samfunn, Ålesund kommune, Sol Berntsen Slinning. Foto: Ålesund kommune.

For å vite meir om korleis ein må ta vare drikkevasskjelda til innbyggarane i Ålesund kommune, er det sett i gang eit tre-årig forskingsprosjekt. Dette skjer i eit samarbeid mellom NTNU, Ålesund kommune og Regionalt forskningsfond.  Prosjektet har ei kostnadsramme på vel åtte millionar kroner.

Avdelingsleiar for vassforsyning i Ålesund kommune, Bjørn Skulstad, seier det er viktig å få meir kunnskap om kvaliteten på Brusdalsvatnet som råvasskjelde, og ikkje minst korleis denne blir endra over tid.

– Vi kan ikkje gamble med drikkevatnet vårt. Vi må vite meir om mellom anna miljøgifter som mikroplast og tungmetallar og kva det betyr for folk si helse i eit langsiktig perspektiv. Det trengst meir kunnskap som vi samlar over tid, ikkje minst når vi no står i ein diskusjon om ein skal legge ein 11 kilometer tungt trafikkert motorveg langs drikkevasskjelda.

Bursdalsvatnet er hovudkjelda for kommunane Ålesund og Sula og reservevasskilda for Giske kommune. I ålesundsregionen er det med dette over 70 000 innbyggjarar, saman med ei rekkje næringar og andre instansar som er avhengige av jamn tilgang til godt og trygt vatn.

Digital tvilling

Skulstad peiker på at prosjektet vil gi solid og fagleg godt forankra kunnskap frå universitetet som ein uavhengig, akademisk institusjon.

– I samarbeidet mellom oss i kommmunen og NTNU i Ålesund, så forventar vi å få oppdatert kunnskapen vår både om kvaliteten på drikkevatnet, korleis den endrar seg og korleis den påverkar oss som drikk av vatnet.

Ein viktig del av prosjektet er også å finne ut på kva måte og i kor stor grad E39 forureinar Brusdalsvatnet. Forskninga skal gi både dokumenterte resultat, forklaring på kva resultata betyr for Brusdalsvatnet og tilrådingar for korleis ein kan ta vare på vatnet både på kort og lang sikt.

Test av teknologi - gruppe med personer.
Sol Berntsen Slinning frå Ålesund kommune prøvekøyrer ROVèn på vatnet, med bistand frå Ph.d. student Joseph Kwarko-Kyei frå NTNU. (Foto Ålesund kommune).

Varslingsystem for forureining som påverkar folkehelsa

I samband med DigiWater-prosjektet vert det ekstra aktivitet på og i vatnet - mellom anna med ROV-ar, små fjernstyrte minifartøy.  Denne aktiviteten er strengt regulert og vert gjort med stor varsemd, for å ikkje forureine vatnet.

Dei som bur langs Brusdalsvatnet har nok sett aktiviteten knytt til overvaking av forureining av drikkevasskjelda tidlegare.

Professor i vatn- og miljøteknikk ved Institutt for havromsoperasjon og byggteknikk, Razak Seidu, seier det er denne overvakinga dei no skal halde fram med, for å få vite meir om miljøgifter og helserisiko knytt til drikkevatnet frå Brusdalsvatnet.

– Vi ser fram til å kome i gang med DigiWater med overordna mål om å utvikle ein digital tvilling til Brusdalsvatnet.

– Det blir ein virtuell simulator som integrerer drikkevasskjelda og vassbehandling, for å støtte driftseffektivitet. Samtidig skal den fungere som eit tidleg varslingssystem for forureining som påverkar folkehelsa, forklarer Seidu.

Samarbeidet

Assisterande kommunedirektør Anne Mette Liavaag seier at DigiWater-prosjektet med bruken av digital teknologi i vassbehandling er med på gjere Ålesund kommune til ein leiande kommune på dette feltet. Ho peiker også på at DigiWater er eit godt eksempel på SmartCity-satsinga der akademia, det offentlege og næringslivet blir kopla saman for å løyse framtidas utfordringar.

– Her ser vi effekten av å vere universitetskommune og samarbeid med NTNU som vil gi direkte nytte både for tilsette og innbyggarane våre. Gjennom dette samarbeid vil vi få meir kunnskap og sikre drikkevatnet vårt for framtida.

Gruppefoto NTNU og Ålesund kommune
DigiWater-prosjektet er i gang! Frå venstre: Thor Christian Hessen Blindheim, Ingunn Stette og Lars Andreas S. Lågeide frå Ålesund kommune. Førsteamanuensis Hadi Mohammed og professor Razak Seidu frå NTNU. Bjørn Skulstad og Sol Berntsen Slinning frå Ålesund kommune. Studentane Michel H. Tornyeviadzi, Joseph Kwarko-Kyei, Themba Baloyi og Van Nguyen Lam. Anne Mette Liavaag og Torill Hestholm Myklebust frå Ålesund kommune. (Foto Ålesund kommune).