I ei pressemelding frå Helse Møre og Romsdal HF denne veka sa Solveig Roth Hoff at det er ei stor ære å bli utnemnt til æresmedlem, og at det ekstra stas å få ein slik utnemning frå hennar eige fagmiljø av radiologkollegaer.
Hoff er førsteamanuensis ved Institutt for sirkulasjon og biletdiagnostikk ved NTNU og seksjonsoverlege ved Radiologisk avdeling Ålesund og Volda.
Sidan 2022 har ho vore prosjektleiar for etableringa av desentralisert legeutdanning, som har kome på plass i regi av NTNU, Ålesund kommune og Helse Møre og Romsdal.
Formelt kjem utnemninga hennar under Radiologisk Haustmøte, den 25. oktober. Utnemninga kjem på grunnlag av det NoRaFo beskriv som ei yrkeskarriere med klinisk arbeid, leiing, forsking, undervising, og vesentlege bidrag innan radiologi-feltet. På haustmøtet held Hoff æresføredrag med tittelen «Korleis kan vi legge til rette for god læring?»
I pressemeldinga til helseforetaket står det at ho tidlegare har hatt ulike leiarstillingar ved Radiologisk avdeling, og ei stilling som avdelingstillitsvald ved same avdeling. For tida rettleiar ho tre PhD-kandidatar.
Hoff har fleire publikasjonar i leiande internasjonale radiologiske tidsskrift. NoRaFo seier at ho er ein av dei mest profilerte mammaradiologane i Noreg. Tidlegare i år blei ein artikkel der ho er medforfattar i inkludert i tidsskriftet Radiology si liste over topp-publikasjonar for året 2022. Tidsskriftet omtalar seg sjølv som verdas leiande tidsskrift for medisinsk biletdiagnostikk.
Les meir om utnemninga på NoRaFo sine nettsider