Fem studentar frå det tekniske universitetet TU Delft i Nederland har dei siste to månadene vore i Ålesund, der dei har samarbeidd med NTNU og Ålesund kommune om berekraftig byutvikling. Gjennom tverrfagleg arbeid har dei utforska lokale utfordringar innen mobilitet, konstruksjon og sirkulær økonomi – med mål om å bidra til framtidas grønare og meir robuste by.
Fagleg tyngde
Studentane har jobba med ei tverrfagleg oppgåve basert på fleire case frå Ålesund. TU Delft er eit av Europas leiande universitet innan teknologi og ingeniørfag, og er kjent for innovativ forsking og sterk vekt på berekraftige løysingar. I Ålesund har studentane samarbeidd tett med NTNU og Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk, under rettleiing av førsteamanuensis Torodd Skjerve Nord.
– Det er inspirerande å sjå korleis studentane frå TU Delft har kasta seg inn i oppgåva med stort engasjement og fagleg tyngde, seier Nord. – Dei har levert eit arbeid som held høg kvalitet, og som gir oss nyttige perspektiv på korleis vi kan møte framtidige utfordringar i Ålesund.
– Det har vore ei flott oppleving å bu og jobbe i Ålesund, seier Thijs Krijgsman van Spangenberg, masterstudent ved TU Delft.
Små skilnadar – stor påverknad

– Ein av dei viktigaste innsiktene våre er at metodar innan bygg- og anleggsteknikk er ganske like i Noreg og Nederland, men små skilnadar kan ha stor påverknad på resultatet i prosjekta.
Studentane har fagbakgrunn innan konstruksjonsteknikk, transportanalyse og sirkulær økonomi, og presenterte funna sine i ein open sesjon med høve for spørsmål og diskusjon. Prosjektet har fått tittelen “Transformasjon av byen Ålesund”, og tek føre seg berekraftig byutvikling som svar på befolkningsvekst og klimaendringar. Målet er å styrke både bokvalitet og berekraft, samtidig som byen møter utfordringar knytt til mobilitet, infrastruktur og ressursbruk.
Lokale aktørar med på laget
Prosjektet er ein del av Re-Value, eit EU-prosjekt der NTNU i Trondheim er prosjektleiar. Andreas Amundsen, seniorrådgivar for innovasjonsstøtte i Ålesund kommune, er arbeidspakkeleiar for piloten i Ålesund, der Ålesund kommune, Sørsida Utvikling, NTNU, Teatret Vårt, Ungt Entreprenørskap og Augment City er partnarar.
– Det er imponerande kor raskt studentane har sett seg inn i den lokale konteksten og kor høgt nivå det er på oppgåva, seier Amundsen. – Dei har gitt oss verdifulle perspektiv innanfor alle tema dei har jobba med, og vi kjem til å bruke rapporten aktivt.

Han peikar spesielt på analysane av Devold-bygget som interessant frå eit berekraftperspektiv:
– For Sørsida gir dette innsikt som er særs relevant når vi vurderer framtidig bruk og utvikling.
Amundsen understrekar også verdien av samarbeidet med NTNU:
– Felles prosjekt gir eit veldig godt utgangspunkt for studentoppgåver. Kunnskapsgrunnlag og veilederteam er på plass, noko som reflekterer seg i resultatet.
Nord støttar dette synet:
Vi følte oss verkeleg velkomne av Ålesund kommune og NTNU
– Når studentane får jobbe med reelle problemstillingar i samarbeid med lokale aktørar, får dei ei heilt anna forståing av kompleksiteten i byutvikling. Det gir både fagleg og personleg vekst.
Gjestfridom og fagleg utbyte
– Vi følte oss verkeleg velkomne av Ålesund kommune og NTNU, og er veldig takksame for all hjelp og støtte vi har fått, seier Krijgsman van Spangenberg. – Det var interessant å bruke kunnskapen vår om berekraftig byutvikling frå Nederland på ein norsk by, der utfordringane blir møtte på ein litt annan måte. Det var fint å sjå at tankane og innsiktene våre blei verdsette av dei lokale aktørane.
På konstruksjonssida har Steinvågsbrua fått særleg merksemd. Brua er den einaste sambandet mellom Ålesund og Hessa, og nærmar seg slutten av si forventa levetid. Studentane har gjennomført manuelle berekningar og modellering med elementmetoden (FEM) for å vurdere strukturell tilstand og moglegheiter for reparasjon eller gjenbruk.

– Dette er eit godt eksempel på korleis studentane har kombinert teknisk analyse med berekraftige vurderingar, seier Nord. – Dei har ikkje berre sett på om brua kan reparerast, men også kva det betyr for ressursbruk og framtidig mobilitet.
Trafikkflyt for framtida
Innan trafikk- og transportteknikk har studentane analysert framtidige scenario for trafikkflyt i byen. Auka befolkning i enkelte område og dagens trafikkbelastning på hovudvegane, særleg ved byen sine bruer, skapar behov for nye løysingar. Målet er å få fleire til å velje kollektivtransport eller aktive transportformer som gang og sykling. Verktøy som OD-matriser og logit-modellar er brukt for å kartlegge og simulere trafikkmønster.
Med fokus på ressursbruk og avfallshandtering har studentane undersøkt korleis den aukande interessa for gjenbruk og sirkulær økonomi kan omsetjast i praksis. Resultatet er eit kunnskapsgrunnlag som skal hjelpe kommunen og Sørsida Utvikling med å ta informerte val om bygningar bør rivast, rehabiliterast eller brukast om att.
– Studentane har klart å omsetje komplekse berekraftprinsipp til konkrete forslag som kommunen kan bruke, seier Nord.
Prosjektet viser korleis tverrfagleg samarbeid og internasjonal kompetanse kan bidra til å forme framtidas Ålesund – med berekraft som leiande prinsipp.
– Ei personleg innsikt eg tek med meg vidare, er kor viktig det er korleis ein formulerer resultat og innsikt – spesielt når ein jobbar i ein annan kultur, avsluttar Krijgsman van Spangenberg.