Godt kvalifiserte søkjarar til NTNU i Ålesund

Opptaket til studieåret 2023/2024 viser godt kvalifiserte søkjarar til NTNU i Ålesund.

Studenter utenfor NTNU i Ålesund.
Illustrasjonsfoto NTNU i Ålesund. Foto: Kristin Støylen.

Det er no gjeve 1318 tilbod om studieplass frå Samordna Opptak, på vegne av NTNU i Ålesund. Også i år vert plassane fylt opp, og for å konkurrere om studieplass måtte ein ha søkt innan 15. april.

Viserektor Anne-Lise Sagen Major ved NTNU i Ålesund er godt nøgd med desse tala frå hovudopptaket.
– Vi gratulerer alle som har fått studieplass her hjå oss i Ålesund! Vi opplever å ha ein studiestad i god utvikling, og gler oss til fortsettinga.

Viserektor Anne-Lise Sagen Major - portrettfoto.
Viserektor Anne-Lise Sagen Major er nøgd med opptakstala (Fotograf MA/NTNU)

I fjor var det naturleg nok mykje fokus på medisinstudiet, som også i år fortener merksemd med høge poengkrav med 68,5 i ordinær kvote. Det er også viktig å merke seg at NTNU i Ålesund har mange ingeniørstudiar, som det også vart satsa mykje på framover.

NTNU er eit breiddeuniversitet, og i Ålesund er det spesielt fokus på tverrfagleg samarbeid innan hav, handel og helse. Høge opptakskrav ser ein på fleire studiar. Dei fire studieprogramma Shipping Management, Nautikk, Biomarin Innovasjon samt Automatisering og Intelligente Systemer ligg rundt 50 poeng med kvar for seg 52,7, 52,3, 49,9 og 47,7.

Anne-Lise Sagen Major gler seg stort til studiestart, som også vert hennar fyrste som viserektor.
– Vi skal ha stort velkomstarrangement på campus den 14. august, slik som før pandemien. Det gler vi oss skikkeleg til, og det blir bra for både studentane og tilsette, etter nokre år der mykje måtte løysast med digitale markeringar. – Studentmiljøet er viktig både for oss og universitetsbyen Ålesund. Vi veit at våre eksisterande studentar med Fadder og studentorganisasjonane i spissen, vil ta godt imot dei nye studentane no i august.

Relevante lenker