– Ikkje la KI gjere alt for deg. Fortsett å ha eigne tankar

Inga Strümke er forskar innan kunstig intelligens. Ho er redd for at vi kjem til å ende ein stad kor vi ikkje tenker sjølv.

Foto fra Catch IDI 2023
Skrevet av
Amanda Schrøder Innholdsprodusent

– Eg er redd for at vi kjem til å ende ein stad kor vi ikkje tenker sjølv, men lar teknologien gjere alt for oss. Eg er ikkje redd for sinte maskiner sånn som man ser på film, men heller at menneska slutt å være reflekterte, seier Inga Strümke, PhD.

Strümke er førsteamanuensis og forskar innan kunstig intelligens ved NTNU og er i front av KI-utviklinga i Noreg. Ho har nyleg gitt ut boka «Maskiner som tenker».

Bil og KI

Ho samanliknar det å bruke kunstig intelligens med å køyre bil.

– Tenk på det som med all anna teknologi, man ville ikkje latt nokon køyre bil utan kjennskap til korleis man bruker den på ein forsvarleg måte og kva som kan gå galt. Det same gjeld for KI, seier ho.

Ho poengterer at man bør ha tenkt over kva man vil oppnå ved å bruke KI, og at om man ikkje forstår korleis man skal bruke den og kva konsekvensane kan være på lengre sikt så bør man halde seg unna.

Strümke starta i fysikkens verd før ho enda opp med kunstig intelligens som fagfelt.

– Eg lurer på korleis universet fungerer og korleis det er skrudd saman og det var derfor eg ende opp med å forske på kunstig intelligens, seier ho. – Eg trur ikkje menneske kan finne ut av dette heilt på eigenhand og då er det spanande å sjå kva ein maskin kan lære og kva funn den kan produsere, utdjupar ho.

– Få innsikt

I debatten rundt bruken av kunstig intelligens i skulen, både for lærarar og studentar, fråråder ho alle å bruke KI fram til dei har kunnskap om korleis KI fungerer og korleis dei kan bruke det på ei forsvarleg måte.

– Les om kunstig intelligens, sjå på forsking og videoar, følg med på utviklinga, seier ho.

– Hugs at ting som ChatGPT og liknande er laga for å kommunisera, ikkje informera. Ikkje la KI gjere alt for deg og fortsett å ha eigne tankar og stå for det du sjølv produserer. Dei ho er minst bekymra for er studentar og andre som forskar på og lærer om KI, nettopp fordi dei får skikkeleg innsikt i korleis det bør og ikkje bør brukast