Eit tekniske grep har gitt fleire ein enklare tilgang til nyerverva kunnskap som studentane har samla inn. Samstundes vart geografiske og tidsmessige utfordringar reduserte.
I tett kontakt med kommunehelsetenestene utfører sjukepleiestudentane ved NTNU forskingsarbeid på fleire spennande tema i helsetenesta. Dei tilsette i kommunane har vore nysgjerrige på resultata, men har hatt vanskar med å få med seg presentasjonane og innhaldet, fyrstehands og direkte. På oppfordring frå desse har det dei siste åra derfor blitt arrangert vellukka webinar frå NTNU i Ålesund.
Det er studentar som har valt å skrive prosjektbachelor som avsluttande oppgåve i studieløpet sitt som presenterer via webinaret. Invitasjonar om å delta gjekk ut til sentrale aktørar i kommunehelsetenesta i Møre og Romsdal.
Dei som kopla seg på i år fekk høyre tre grupper med bachelorstudentar. Via skjerm var det med representantar for Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenesta i Møre og Romsdal samt leiarar og andre tilsette frå kommunane der forskinga til dei seks studentane har vore utført.
Amalie Helland og Irmelin Magnussen Møller presenterte «Kva erfaringar har sjukepleiarar med sensorteknologi i seng?». Siw Helen Torvik og Pernille Svanberg Alm presenterte «Kva skal til for at implementering av lokaliseringsteknologi vert vellykka for personar med demens som bur heime?».
Førsteamanuensis Rigmor Einang Alnes ved Institutt for helsevitskap ved NTNU i Ålesund har vore rettleiar for desse fire.
– Studentane hadde gode presentasjonar om kva nytte pasientar og sjukepleiarar kan ha av sensorteknologi, og kva som skal til for at personar med demens skal ha nytte av GPS. Begge oppgåvene var tydelege på at det er behov for auka merksemd blant helsepersonell om å ta i bruk ny teknologi, seier Alnes.
Stor relevans
Førsteamanuensis Helen Berg, var rettleiar for studentane Fredrik Wiesener og Haakon Hjelseth. Dei to har levert oppgåva «Korleis erfarer studentar å fasilitere simulering for tilsette under praksisperioden?». Rettleiaren var godt nøgd med arbeidet deira.
– Oppgåva bidreg til auka innsikt i korleis studentane har opplevd å ha ansvar for simulering der dette har inngått som del av praksisperioden deira, forklarer Berg.
Der andre medstudentar har skrive litteratur-bachelor og innhenta data frå artiklar som alt er publisert, har desse seks studentane fått erfaring i å utvikle ein forskingsidé. Dei har sjølv samla data gjennom intervju som dei har skrive ein artikkel på.
– Det er svært motiverande for studentar å få presentere det dei har arbeidd med i lang tid for eit større publikum. Oppgåvene har også stor relevans både for kommunehelsetenestene og for utdanninga, seier Berg.
Etter det vel gjennomførte webinaret står det att å få sensur på arbeida, so er dei klare for å ta til i jobben som sjukepleiarar.