NTNU fyller studieplassane med godt kvalifiserte søkjarar

Også i år har NTNU godt kvalifiserte søkjarar til dei aller fleste studieprogramma. Dette gjeld i heile breidda av NTNU sine utdanningar.

Campus Dragvoll en solskinnsdag i mai.

NTNU har sendt ut i alt 17.200 tilbod om studieplass i år. Nær 14.000 av desse gjeld studium i Trondheim. NTNU i Ålesund har litt over 1300 tilbod, medan NTNU i Gjøvik har godt over 1900.

– Mange studium har fått høgare inntakskrav, særleg innan område der det er høge søkjartal, seier prorektor for utdanning Marit Reitan.

Dette gjeld mellom anna for økonomistudium, ein del femårige og treårige teknologistudium, medisinstudiet og samfunnsvitskaplege studium som psykologi, sosiologi og statsvitskap.

Ein liten auke i talet på søkjarar (1,9 prosent opp), og færre studieplassar finansiert frå Kunnskapsdepartementet (KD) enn i fjor, bidreg til høgare inntakskrav.

Nokre utfordringar innan lærar- og sjukepleieutdanningar

Det er ein nasjonal trend at færre vil bli lærarar eller lektorar, men her fyller i hovudsak  NTNU studieplassane. For lektorutdanningane aukar inntakskrava for lektor i historie, kroppsøving og samfunnsfag.

– Stort sett er vi ikkje spesielt bekymra for kvaliteten eller tilgangen på søkjarar til lærarutdanningane ved NTNU, men vi ser at  dette ei stor utfordring nasjonalt, seier prorektor Reitan.

Innanfor grunnskulelærarutdanninga for 5-10. trinn i norsk, yrkesfaglærarutdanning og nokre av lektorutdanningane kjem ikkje NTNU til å fylle studieplassane. 

Sjølv om det var nedgang i søkjartal til sjukepleieutdanning, er det lang venteliste i Trondheim, medan det ikkje er venteliste i Gjøvik og Ålesund. Elles er det venteliste på alle helse- og sosialfagutdanningane. Også nedgangen i søkjarar til sjukepleie er del av ein nasjonal trend 

Attraktive nye studium innanfor teknologiområdet 

NTNU tilbyr i år fleire nye treårige og femårige studium innan teknologiområdet som er attraktive. Dette gjeld til dømes femårige masterutdanningar i georessursar og geoteknologi, og maskin- og energiteknologi.

– Desse studieprogramma er oppretta for å dekke framtida sitt behov for kompetanse innanfor viktige samfunnsområde, seier prorektor Reitan.

Talet på kvinner held fram å auke

Kvinneandelen aukar stadig totalt sett. I år er over 56 prosent av dei som får tilbod kvinner. 

70 prosent av dei som får plass ved lærar- og lektorutdanningane er kvinner. Kvinneprosenten er på heile 82 for helsefaga. Menn er i fleirtal innanfor dei fleste teknologistudia. Ved teknologifaga samla er kvinneandelen 38 prosent.