Nye fadderleiarar ved NTNU i Ålesund

Hannah og Henrike har fått jobben som fadderleiarar ved NTNU i Ålesund og har allereie byrja å planlegge studiestarten til hausten.

Nye fadderledere ved NTNU i Ålesund. Henrike til venstre og Hannah til høyre
Hannah Mcfarlane (t.v.) og Henrike Struck kjem begge fra Institutt for biologiske fag ved NTNU i Ålesund. No skal dei starte jobben å legge tilrette for at dei nye studentane får ein god studiestart. (Foto: Børge Sandnes/NTNU).

Årets fadderleiarar kjem frå Institutt for biologiske fag ved NTNU i Ålesund (IBA). Jentene har fått den viktige jobben som skal sørge for at alle dei nye studentane får ein god start på studia sine denne hausten.

Inkluderande

– Dette blir veldig spennande og gøy. Det er også eit stort ansvar. Hovudmålet vårt er at flest mogleg skal føle seg inkludert – både i klassene og på tvers av studiar, seier Hannah Mcfarlane.

Som førsteårsstudentar, kjenner dei nytilsette fadderleiarane godt til korleis det er å vere ny på universitetet.

– Det er jo ikkje lenge sidan vi var fadderbarn sjølve, så vi hugsar jo godt kva som kanskje kan endrast på og kva vi vil ha med vidare, legg Henrike Struck til.

Høgdepunkt

Begge er heilt klare på kva dei sjølve syntes var høgdepunkta.

– Immatrikuleringa var stort. I tillegg var både rebusløp, båtpimping og Brosundet Challenge skikkeleg morosamt, fortel dei.

Begge er klare på at jobben dei har teke på seg er både ansvarsfull og krevjande, men gler seg til å samarbeide med både fadderstyret og fadder.

– No byrjar jobben. Først og fremst skal vi ut å finne sponsorar, så her er det berre å melde si interesse, dersom det er nokon som vil støtte oss. Så må vi få på plass eit fadderstyre og studentar som kan tenkje seg å gjere ein innsats som fadder.

Saman med Fagskolen

Dei nybakte fadderleiarane har allereie lufta ideen om kanskje å inkludere Fagskulen i planlegginga og gjennomføringa av studiestarten. NTNU og Fagskulen har tidlegare år samarbeida om ulike arrangement, men fadderleiarane håpar å kunne utvide dette samarbeidet.