Gjennom sine to studieår har studentane fått ein kompetanse det er stort behov for både i kommune- og spesialisthelsetenesta. Kreftregisteret har tidlegare i år publisert krefttala for 2022, som viser at det er ein auke i talet på krefttilfelle.
Funksjons- og ansvarsområda til ein kreftsjukepleiar omfattar førebygging, utgreiing, behandling, lindring, rehabilitering og omsorg i sluttfasen av livet. Kreftsjukepleiar har kompetanse og oppgåver knytt til undervisning og rettleiing-, forskings- og utviklingsarbeid.
– Studentane gir tilbakemelding om at studiet har vore praksisnært, der blant anna lækjarar, sjukepleiarar, fysioterapeut, ernæringsfysiolog, sosionom, prest og pasientar/brukarar har vore med på å gi erfaringsdeling, refleksjonar og diskusjonar. Ein stor takk vert i den samanheng retta til desse som har gitt av seg sjølv ute i tenestene, undervegs i læringsløypa til studentane, seier studieprogramleiar Sven Inge Molnes.
– Studentane har no fullført etter å ha presentert fordjupingsoppgåvene sine for kvarandre. Dette var såkalla litteraturstudiar, der dei har søkt seg fram til forsking, utført analyse, presentert resultat, og sett på kva dette vil ha å seie for kreftsjukepleie. Erverva kunnskap tek dei no med seg ut i den nye kvardagen som kreftsjukepleiarar og deler med sine kollegaer, fortel han.
– Studentane utgjer elles eit historisk kull. Dette er det siste kullet som fullfører vidareutdanning i kreftsjukepleiarutdanninga på 60 studiepoeng i Ålesund.
Frå hausten 2023 gjeld Forskrift om nasjonal retningslinje for kreftsykepleierutdanning. Då vert kreftsjukepleiarutdanninga ein av fem studieretningar i master i spesialsjukepleie, der anestesi-, barne-, intensiv- og operasjonssjukepleie utgjer dei andre. Studiet går frå 60 studiepoeng til 120 studiepoeng, noko som utgjer ei mastergrad i spesialsjukepleie. Studentane kan avslutte etter 90 studiepoeng, då har studentane oppnådd vidareutdanning i kreftsjukepleie.