Har du tenkt over kva du legg i handlekorga eller kva du åt til frukost laurdag? Har du prøvd nye ingrediensar og matvarer i det siste? Mykje av framtidsmaten er her alt.
Tysdag 19. mars, i foajeen på Parken kulturhus, blir temaet mat, matproduksjon og forbruksvanane våre. Eit par tips til smarte grep på neste handletur, kjem som krydder gjennom samtalane på scena. Denne gongen får vi samtalar med:
- Jannicke Fugledal Remme som er forskingsleiar for gruppa Fisker, Havbruk og Prosess Teknologi i SINTEF Ålesund.
- Bjørn Tore Nystrand som er seniorforskar frå Møreforsking med ei doktorgrad i samfunnsvitskap.
- Sanna Matson, frå Møreforsking som har ei doktorgrad i marinbiologi.
Påfyll blir til i samarbeid mellom NTNU, SINTEF, Møreforsking, Helse Møre og Romsdal HF, Atlanterhavsparken og Ålesund kommune. Det er desse som finn forskarar som formidlar innan ulike samfunnsaktuelle tema.
– Universitetet og andre forskingsaktørar har ei viktig oppgåve med å bidra til formidling av kunnskapsutviklinga som vert utført. Vi har eit felles ynskje om å få fram meir av den spennande forskinga som skjer lokalt, og vi vil vise fram Ålesund som kunnskapsby, seier viserektor Anne-Lise Sagen Major.
Visrektoren er svært glad for den gode mottakinga og dei fine tilbakemeldingane som konseptet har fått. Under lanseringa, 5. februar, var temaet kunstig intelligens.
– Målet er å få til noko varig og detaljplanlegginga også for det tredje Påfyll den 24. april er godt i gang, fortel ho.
Kan det bli servering?
Programvert og forfattar Bjørn Vatne er glad i mat, og ein ivrig hobbykokk. No gler han seg til å få høyre meir om korleis oppskriftsboka skal utvidast i framtida.
– Eg har gitt produksjonen klar beskjed om at dei må stille med smaksprøvar, sånn at eg får testa smakslaukane. Eg håpar eg slepp å angre, seier han.