Forskingsprosjektet er finansiert med 5.9 millionar euro av Horisont Europa-programmet. Det store prosjektet går over fire år og heiter RAPIDE, ei forkorting av Regular and Unplanned Care Adaptive Dashboard for Cross-border Emergencies. Radboud Universitet sitt medisinske senter i Njimegen, Nederland koordinerer forskinga.
Forskarar frå NTNU i Ålesund
Frå NTNU skal professor Simon Lewin ved Institutt for helsevitskap i Ålesund (IHA) leie ein av arbeidspakkane i forskingsprosjektet. Det skal han gjere saman med professor Máire Connolly frå University of Galway, Irland. Førsteamanuensis Mads Solberg frå NTNU i Ålesund deltek også i forskinga. På nyåret rekrutterer Lewin og Solberg inn endå ein forskar til Ålesund, som skal bidra i arbeidet over ein periode på tre år.
– I løpet av COVID-19-pandemien vart mykje av helsetilbodet i Europa tilpassa, utsett eller stoppa. Mange tok valet å unngå naudsynt helsehjelp. Dei oppsøkte eksempelvis ikkje fastlegen sin eller sjukehuset, sjølv om dei hadde helseproblem, fortel professor Simon Lewin og førsteamanuensis Mads Solberg frå NTNU i Ålesund. Dei fortel at hele spekteret av omsorg vart forstyrra i Europa. Det vil seie alt frå planlagde kirurgiske inngrep til kroniske tilstandar, kreftomsorg og mental helse.
Instituttleiar Svanhild Schønberg ved IHA er glad for tildelinga. Ho framhevar viktigheita av at forskarar frå IHA bidreg til den internasjonale forskingsfronten, gjennom RAPIDE-prosjektet for å utvikle ny kunnskap av høg kvalitet og relevans.
– Dette blir ei viktig kjelde til læring for handtere framtidige pandemiar og kriser.
Prøve ut i levande laboratorier
Studien som Lewin og Solberg er del av ser på kva slags kunnskap vi alt har om korleis fleire europeiske land brukte digitale verktøy under COVID-19. Spesifikt; den kunnskapen vi alt har til å overføre vanlig helse- omsorgstenester frå sjukehus og kommunar til lokalsamfunn og pårørande.
Å få avbrot på eit helsetilbod under pandemiar eller andre helsekriser kan gi langsiktige konsekvensar for pasientar og helsevesen. I prosjektet skal det eksperimenterast med teknologistøtta måtar å levere helsetenester på. Dette for å gjere dei meir fleksible og tilpassingsdyktige. Det skjer gjennom å lære av dei innsamla erfaringane under COVID-19, og ved å bygge vidare på forsking om optimalisering av helsetenester og prognoser. Planen er at forskingsresultata skal prøvast ut i sanntid i form av såkalla levande laboratorier.
I forskingsprosjektet er det med leverandørar av helsetenester og pasientar frå sjukehus og primærhelsetenester i Nederland, Slovenia, Malta, og Italia. Studien ser også på korleis fleksible omsorgsmodellar kan tilpassast helsesystema i andre europeiske land enn for dei som i sjølve forskinga.