Smartare europeisk skipsbygging

Gjennom EU-prosjektet Smart European Shipbuilding (SEUS), skal ressursane finne kvarandre gjennom eit heilt nytt nettverk for europeiske verft og akademia. NTNU leiar prosjektet frå Ålesund. Målet er å finne fram til meir effektiv og konkurransedyktig skipsbygging i Europa.

Fire personer tilknyttet SEUS-prosjektet ute foran skip.
ARBEIDSMØTE: Partnarane i forskingsprosjektet var nyleg samla til arbeidsmøte i Ulsteinvik. Frå venstre: Rakel Skram som er prosjektleiar i PLM, Håkon Vestnes som er teknisk løysingsarkitekt for PLM i Ulstein, Henrique M. Gaspar som er prosjektkoordinator for NTNU i Ålesund og Jorge Garcia Agis som er prosjektkoordinator i Ulstein Group. Foto: Ulstein Group/NTNU

Bil- og flyindustrien har kome mykje lenger enn den maritime bransjen med å digitalisere produksjon. Prosjektet vil korte inn avstanden, med målretta utvikling av ei plattform gjennom bruk av digitalisering og kunstig intelligens innan skipsbygging.

På Sunnmøre har tradisjonen vore å ha kort avstand mellom dei som er ute på havet og dei som bygg skipa, for slik å ta ut mest mogleg lærdom i utvikling av nye farkostar. I dette nye europeiske samarbeidsprosjektet, skal skipsingeniørane vere integrerte og tett på det som skjer innan design.

-På sett og vis kan du seie at når vi designar båten framover no, så bygg vi den samstundes. Alt blir digitalt, frå konstruksjon til operasjon. Når skipet går frå verftet vil vi kunne følgje det. Om det trengst ein modifikasjon seinare, så kan vi hjelpe dei med det , seier prosjektkoordinator frå NTNU, Henrique M. Gaspar.

I tillegg til ressursane frå Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk i Ålesund er det frå NTNU si side også med ytterlegare ressursar frå Fakultet for ingeniørvitskap lokalisert i Trondheim.

EU-støtte gjennom Horizon Europe

– Prosjektet er del av EU sitt Horizon Europe-program og tildelinga er det største nokon gong til eit prosjekt som er leia frå NTNU i Ålesund, seier Gaspar. Det er to verft, tre programvareselskap og tre universitet som har underteikna avtale om samarbeid på tvers av europeiske landegrenser. Frå Noreg har NTNU i Ålesund prosjektkoordineringa og Ulstein Group på Sunnmøre er det norske verftet som deltek.

– Tverrfagleg samarbeid og utvikling der både universitet, verft og programvareselskap har gått saman gir synergiar. Å ressurssette med kunnskap og teknologi frå Noreg, Finland, Nederland, Spania og Tyskland, har alt i den tidlegaste fasen av prosjektet gitt dei åtte involverte partane ny innsikt og forståing.

Totalbudsjettet for arbeidet er på over 90 millionar kroner, der over 30 millionar kroner vart tildelt  den norske delen av prosjektet i fjor. Då nettavisa Nett.no intervjua Gaspar om tildelinga nølte han ikkje med å kalle det ein milepåle.

Redusert risiko er berre ein av mange fordelar

Seks personer i møterom ved ulstein verft.
FORSKNINGSPROSJEKT: Henrique M. Gaspar er den som her står og formidllar. Jorge Garcia Agis sit ved bordet saman med Håkon Vestnes. Bak ser vi fyrst Rakel Skram og der etter dei to masterstudentane Toney Thamby og Mathias Scholze som er tilknytta. Foto: Ulstein Group/NTNU

Jorge Garcia Agis i Ulstein Group er viseadministrerande direktør i Ulstein International og ein av åtte som koordinerer arbeid inn mot prosjektet.  Då han vart intervjua av næringslivsavisa Nett.no i februar uttalte Agis at SEUS som prosjekt er eit nytt steg i samarbeidet mellom NTNU-instituttet og Ulstein Group.

– SEUS-prosjektet er svært viktig for konsernet og konkurransekrafta vår i prosjektering og skipsbygging framover. Ulstein Group ynskjer å kome fram til ein struktur for korleis dei skal arbeide dei neste 10-15 åra.

–  Vi ser føre oss å bygge ein plattform som kan gi Ulstein ein konkurransefordel internasjonalt. Målet er å klare å konkurrere med aktørar i andre land som kan ha lågare kostnader enn oss, ved å tilby noko anna.

Start frå 2024

Tilsagn om støtte frå EU kom gjennom Horizon Europe i desember i fjor og analysearbeidet kom der etter umiddelbart i gang i januar. Utover våren 2023 pågår integreringsarbeidet, og i mai i år er det planlagt ei større samling for partnarane i Ulsteinvik. Går alt som dei ynskjer vil den fyrste innføringa skje på verfta i Noreg (Ulstein) og Spania (Gondan) i løpet av 2024.

Samarbeidsavtalen – har åtte partar

Tre universitet To verft Tre programvareselskap   Om SEUS-prosjektet: Om Horizon Europe: EUs niende rammeprogram for forskning og innovasjon Horisont Europa, startet opp 1. januar 2021 med et foreslått totalbudsjett på 95,5 milliarder euro frem til og med 2027. Norske aktører kan søke om midler på lik linje med bedrifter, offentlige virksomheter og forskningsinstitusjoner i EU-medlemsland.