Fem nominerte til NTNUs litteraturpris 2024

Det er fem sterke kandidatar som står på kortlista for den gjeve tildelinga av NTNUs årlege litteraturpris. I år går prisen til eit faglitterært verk, og vinnaren blir offentleggjort 16. november under Basta – Sakprosafestivalen i Trondheim.

Bilde av seks personer
Dei nominerte til NTNUs litteraturpris 2024: Inga Strümke, Torkjell Leira, Guro Kulset Merakerås og Katrin Glatz Brubakk, Geir Svardal og Tor Eystein Øverås. Foto: Mona Hauglid, Siw Pessar Scaled, Katrin Glatz Brubakk, Kim Nygaard og Gyldendal Forlag.

Dei nominerte er:

  • Fakkelen er tent! Den norske billigbokrevolusjonen 1961-1985 av Tor Eystein Øverås (Gyldendal 2022)
  • Ingen skal få se at jeg gråter av Geir Svardal (Aschehoug 2022)
  • Kunsten å drepe et demokrati – historien om Bolsonaros Brasil av Torkjell Leira (Res Publica, 2022)
  • Maskiner som tenker – algoritmenes hemmeligheter og veien til kunstig intelligens av Inga Strümke (Kagge 2023)
  • Moria – 2015-2022, på innsiden av Europas største flyktningleir av Guro Kulset Merakerås, Katrin Glatz Brubakk (Forlaget Press 2023)

– Juryen har vald ut dei nominerte frå ei liste med totalt 40 titlar, og i år måtte vi gjennomføre ein ekstra runde med lesing før vi kunne redusere kortlista til berre fem sakprosaverk, fortel juryleiar Karolina Drozdowska.

Ho meiner dei nominerte bøkene har til felles at dei er svært godt skrivne, engasjerer lesaren og tek opp emne som er relevante og aktuelle i dagens samfunn.

Pristildeling

Tildelinga av NTNUs litteraturpris skjer laurdag 16. november ca kl. 12 på scenen i Kunsthallen i Søndre Gate. Anne Kristine Børresen, dekan ved Det humanistiske fakultetet, deler ut prisen. Arrangementet er opent for alle.

Om prisen

NTNU deler årleg ut ein litteraturpris for å synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til Trøndelag. NTNUs litteraturpris på kr 20 000 går til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til regionen, og vekselvis til skjønns- og faglitteratur. I 2024 er det sakprosa som står for tur.

Sjå oversikt over tidlegare vinnare her

Årets jury

Juryen for NTNUs litteraturpris 2024 er: Juryleiar Karolina Drozdowska, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, Siri Aurland Bredesen, avdelingsleiar hos Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, Nora Berg Markussen, phd-stipendiat ved NTNU, Arve Hjelset, Professor Institutt for sosiologi og statsvitenskap ved NTNU og Aja Bugge, dagleg leiar ved Litteraturhuset i Trondheim.

Om dei nominerte bøkene

Fakkelen er tent! Den norske billigbokrevolusjonen 1961-1985 av Tor Eystein Øverås (Gyldendal 2022):

Fakkelen er tent! Fortel om «Billigbokrevolusjonen», som ofte blir kalla ein lykkeleg augneblink i norsk og nordisk forlagsliv. Det er ei fascinerande fortelling for alle som er opptekne av litteratur- og kulturhistorie, og ho lesast nesten som ein spenningsroman. Er du ein av dei som set pris på bokas materialitet, likar å ta på og lukte på bøker, og som er fascinert av mediet boka er, er dette obligatorisk lesnad for deg.

Ingen skal få se at jeg gråter av Geir Svardal (Aschehoug 2022):

    I denne historiske forteljinga følgjer vi Cissi Klein, frå oppveksten hennar til dei siste lagnadstunge månadene i livet hennar. Dette er også forteljinga om flukta til foreldra hennar frå pogromane i tsarens Russland, til dei enda opp i Trondheim, som skulle vere den tryggaste staden på jorda. Som Stein Roll skreiv i Adresseavisa, er dette ei historie for alle, men ho bør kanskje spesielt rettast mot ungdommane som kan identifisere seg med hovudpersonen, og som prøver å forstå kvifor ei ung jente måtte døy på grunn av ein ideologi som faktisk igjen er på frammarsj.

    Kunsten å drepe et demokrati – historien om Bolsonaros Brasil av Torkjell Leira (Res Publica, 2022):

    Boka fortel om Brasils president Jair Bolsonaro, som har vorte kalla «tropanes Trump», og som blir sett i bås med høgrepopulistiske statsleiarar verda over. Torkjell Leira prøver å finne svar på spørsmålet om korleis Bolsonaros karriere har utvikla seg i tråd med høgreradikalisme globalt, og om det er mogleg for Brasil å bli eit mindre polarisert samfunn i framtida. Ei viktig bok i politisk vanskelege tider.

    Maskiner som tenker – algoritmenes hemmeligheter og veien til kunstig intelligens av Inga Strümke (Kagge 2023):

    Kunstig intelligens påverkar kvardagen vår, anten vi vil det eller ikkje. Mange norske universitet, mellom anna NTNU, måtte gå frå heimeeksamen til skriftleg skuleeksamen, då det ikkje finst verktøy som kan sikre at studentane ikkje leverer svar generert av ChatGPT eller andre chatboter. I boka si beskriver Inga Strümke korleis vi som menneske prøver å lage kunstig intelligens, og kor hjelpelause vi blir når vi endeleg lykkast. Dette er eit svært aktuelt sakprosaverk om det vi i dagens verden er fascinert av, men også redde for.

    Moria – 2015-2022, på innsiden av Europas største flyktningleir av Guro Kulset Merakerås, Katrin Glatz Brubakk (Forlaget Press 2023):

    Flyktningleiren Moria på Lésvos har vore mykje omtala i det norske nyheitsbiletet gjennom åra, men pressedekkinga har vore fragmentert. Katrin Glatz Brubakk og Guro Kulset Merakerås fortel for første gong heile historia om leiren, samtidig som dei tek eit steg tilbake og løftar psykologiske, politiske og historiske perspektiv som set historiene til enkeltmenneske i ein større samanheng. Forfattarane gir oss ei innsikt i eit av dei mest dramatiske kapitla i Europas nyare historie.

    Kontakt

    Har du spørsmål om årets litteraturpris? Kontakt: Juryleder Karolina Drozdowska: https://www.ntnu.no/ansatte/karolina.drozdowska